Tangen kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1861 på Tangen i Stange kommune i Innlandet.
Ved kongeleg resolusjon 23. mars 1857 vart Tangen sokn oppretta og fekk namnet på den garden der kyrkja ligg. Prost Paul Winsnes innvigde kyrkja 9. august 1861.Tangen kirke 125 år 1861-1986. Tangen menighetsråd, 1986.
Byggverket er i tømmer og har 450 plassar (Muri oppgir 300 plassar). Storleiken vart planlagt etter kyrkjelova av 1851.Tangen kirke 1861-1961. Tangen menighetsråd, 1961.
Bygget har stavkyrkjepreg, og har ein regulær åttekantet sentralplan med tilbygg for kor og våpenhus. Det var formannskapet sjølv som ønskte eit åttekanta bygg. Den midtre delen av taket er løfta til en kuppelaktig krone støtta av åtte søyler - søylene gir interiøret eit stavkyrkjepreg og krona minner om avsatsane i stavkyrkjenes eksteriør. Krona har vindauge som gir overlys og toppen av krona står ein takryttar. Vindauga er avslutt med litt stumpe bjelkevinklar. Grosch brukte element både fra stavkyrkjer og frå gotikk. Elementa frå gotikken er innarbeida på same måte som i Trefoldighetskyrkja i Oslo. Somaren 2008 byrja restaureringsarbeid på bygget og 25. september 2011 blei kyrkja innvigd med ei jubileumsgudstjeneste.
Kirsten Flagstad heldt en konsert pro bono til inntekt for orgel. Orgelet blei satt inn i 1960. Døypefonten er av granitt.
Kyrkja fekk gravkapell i 1899. Eivind Groven og Ingeborg Refling Hagen er gravlagde ved kyrkja. Grovens grav er utsmykka med glassmosaikk av Inger Kvarving. Hagens grav har ein Kristus-statuett Gunnar Janson.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Stange kommune: Tangen kirke
Kategori:Kyrkjer i Stange Kategori:Kyrkjer i Hamar domprosti Kategori:Kulturminne i Stange Kategori:Christian H. Grosch Kategori:Åttekanta kyrkjer i Noreg Kategori:Norske kyrkjer frå 1861