Hans Mathias Olsson Vindenes () var ein norsk fiskar, fiskebåtreiar og organisasjonsleiar.
Hans Vindenes starta tidleg med fiske. Frå han var 18 år verka han som notbas under sildefiske. På det området fekk han ry som den fremste i si tid.Myrstad s. 120Norsk Fiskerinæring s. 30 Han kjøpte det første fiskefartøyet i 1931, og bygde opp eit solid reiarlag.
Vindenes var med i styret i mange fiskeriorganisasjonar. Han var sentral i oppbygginga av Fiskebåtredernes Forbund. Han var nestformann i 13 år, og overtok som formann då Knut Vartdal omkom ved ei ulukke i 1959. Hans Videnes var formann til 1964.
Hans O. Vindenes var ein omtykt skribent. Dagbøkene hans frå storsildfisket kom som vedlegg til fiskeridirektøren sin årsrapport i fleire år.
Kjelder
Bjarne Myrstad: Vestlandsfiske Det Norske Samlaget Oslo 1996 Norsk Fiskerinæring – en årskavalkade 1961 – 2001 digitalarkivet.no
Kategori:Norske fiskebåtreiarar Kategori:Norske fiskarar Kategori:Folk frå Fjell