Mikkel Dobloug () er ein tidlegare kombinertrennar frå Vang på Hedmark. Han vart noregsmeister i øvinga i 1966, og sigra i kombinert i Svenska skidspelen både i 1966 og -67. Dobloug representerte Vang Skiløperforening. Han fekk Kongepokalen i skiidrett i 1966.
Aktiv Dobloug overraska stort i Lahti-spelen i 1964, der han vart nummer to etter landsmannen Arne Larsen. Bak seg på resultatlista hadde han mellom andre både Tormod Knutsen og Georg Thoma, ferske gull- og sølvvinnarar frå vinter-OL 1964 i Innsbruck. Sesongen etter vart det nye andreplassar på Dobloug, fyrst i noregsmeisterskapen der Larsen vart for sterk, og sidan i Holmenkollen der Dobloug slo Larsen med vel eitt poeng, og Georg Thoma vann rennet.
Dobloug vann kombinert i NM på ski i 1966. Same året vann han kombinertøvinga under Svenska skidspelen, ei bragd han gjentok året etterpå. Elles i 1967-sesongen vart han nummer to i noregsmeisterskapen, nummer tre i Lahti og nummer fire i Holmenkollen.
Han deltok i verdmeisterskapen i Oslo i 1966 og vart beste nordmann i kombinert med ein sjuandeplass. To år seinare var han på plass i Grenoble. Atter vart han beste nordmann i kombinertøvinga, men hamna på 21. plass i den olympiske tevlinga. Alle dei norske kombinertrennarane bomma fullstendig på smurninga i langrennet.
Dobloug slutta tevla i skiløypa og hoppbakken i 1970.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1964: Nr 2 i Lahti 1965: Nr 2 i Holmenkollen og nr 4 i Svenska Skidspelen i Falun 1966: Vinnar av Svenska skidspelen i Umeå 1967: Vinnar av Svenska skidspelen i Falun, nr 3 i Lahti og nr 4 i Holmenkollen 1968: Nr 3 i Svenska skidspelen i Falun, nr 5 i Lahti og nr 8 i Holmenkollen 1969: Nr 3 i Svenska skidspelen i Falun
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1964: Nr 6 på Voss Ski-NM 1965: Sølvmedalje på Fåberg Ski-NM 1966: Gullmedalje på Rena Ski-NM 1967: Sølvmedalje i Mo i Rana Ski-NM 1968: Sølvmedalje i Ørskog Ski-NM 1969: Sølvmedalje på Raufoss Ski-NM 1970: Nr 5 i Trondheim
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategori:Norske kombinertløparar Kategori:Noregsmeistrar i kombinert Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1968 Kategori:Folk frå Hamar