Arne Gallis () var ein norsk språkforskar fødd i Andebu. Han jobba som førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Oslo 1951–1957 og blei dosent i slaviske språk ved Universitetet i Oslo i 1957. Han var professor i slaviske språk på Universitetet i Oslo frå 1967–1975. I tillegg til å gi ut vitskaplege verk dreiv han med omsetting av bøker til bokmål og nynorsk, mellom anna Dr. Zhivago av Boris Pasternak frå russisk og fleire bøker av Ivo Andrić frå serbokroatisk.

Verksliste (ikkje komplett) Bygdeborger i Andebu. I: Vestfoldminne II (1927-31): s. 372-379. Romania: dets hovedproblemer i dag på historisk grunn (1940) Nynorsk bokliste band 4 for 1926–1935 (1942) Lærebok i russisk : for begynnere (1945) Études sur la comparaison slave : la syntaxe de la comparaison d'inégalité en vieux-slave ecclésiastique et dans les autres dialectes slaves méridionaux du moyen age (1946) Jugoslavia-Norge, en bibliografi (1953) The syntax of relative clauses in Serbo-Croatian : viewed on a historical basis (1956) Zum Gebrauch von da + Präsens versus Infinitiv beim Futurum I im Serbokroatischen : Untersuchungen über die «Koreni» von Dobrica Cosic (1970) Kulturliv på Balkan: utvalgte artikler (1978) Andebu bygdebok (1975–1983) (redaktør) Fra Vestfold til Balkan: en språkmann minnes (1991) (sjølvbiografi)

Kategori:Norske språkforskarar Kategori:Andebu Kategori:Folk frå Sandefjord