«I Feed You My Love» var det norske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på engelsk av Margaret Berger. Songen er skriven av Karin Park, Robin Lynch og Niklas Olovson, og vart gjeven ut 23. januar 2013.

Eurovision Melodi Grand Prix 2013

Songen deltok i Melodi Grand Prix 2013, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, og vart framført på engelsk av Margaret Berger. Bidraget deltok i den andre semifinalen, vann og gjekk vidare til finalen. I finalen gjekk bidraget vidare til gullfinalen, vann og fekk representere Noreg.

Eurovision Song Contest 2013

Sidan Malmö ligg nært geografisk til både Danmark og Norge vart det stadfesta at dei to landa ville ikkje ville delta i same semifinale for å maksimere tilgjenge på billetter til båe landa. Ei trekning på hovudkvarteret til Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) vart det stadfesta at Danmark vil delta i den fyrste semifinalen og Noreg i den andre semifinalen. Den andre semifinalen vil finne stad 16. mai 2013 i Malmö Arena. Noreg deltok i den andre semifinalen i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige og enda på tredjeplass med 120 poeng; tolv frå Latvia, Island og Spania, ti frå Finland, åtte frå Georgia, Sveits og Romania, sju frå Makedonia, Bulgaria og Ungarn, fem frå San Marino, Aserbajdsjan, Israel og Armenia, fire frå Hellas, tre frå Malta og to frå Tyskland. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på fjerdeplass med ei rangering på 5,50 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på fjerdeplass med ei rangering på 5,80. Desse resultata gjeld berre om berre juryane og berre fjernsynssjåarane i alle deltakarlanda hadde røysta, men resultata er likevel upresist av di det ikkje er offentleggjort kor mange røyster kvart land fekk frå juryen og sjåarane. Landet kvalifiserte seg til finalen der dei enda på fjerdeplass med 191 poeng; tolv frå Finland, Sverige og Danmark, ti frå frå Island, åtte frå Romania, Italia, Latvia og Makedonia, sju frå Belgia, Russland, Tyskland, Serbia, San Marino og Sveits, seks frå Litauen, Nederland og Israel, fem frå Spania og Slovenia, fire frå Hellas, Georgia, Montenegro og Kypros, tre frå Estland, Kviterussland, Malta, Armenia, Ukraina og Kroatia, to frå Moldova, Ungarn, Aserbajdsjan og Albania og eitt frå Bulgaria. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget sjetteplass med ei rangering på 7,14 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på fjerdeplass med ei rangering på 8,23. «I Feed You My Love» vart det sjette beste norske bidraget sidan Noreg debuterte i 1960, og det beste sidan Alexander Rybak vann med «Fairytale» i 2009.

Format og sporliste Digital nedlasting I Feed You My Love – 3:02

Digital nedlasting I Feed You My Love (Extended Version) – 3:19

Remixes EP I Feed You My Love – 3:02 I Feed You My Love (Macho Collective Remix) – 3:15 I Feed You My Love (Robin Low Remix) – 6:15 I Feed You My Love (Jay Hardway Remix) – 4:58 I Feed You My Love (Dan Miles & Di Ferro Remix) – 6:11 I Feed You My Love (Torus Flow Remix) – 6:11 Video: I Feed You My Love (Official Norwegian ESC Entry) – 3:11 Video: I Feed You My Love (Official Promo Video) – 3:02

Listeplasseringar Liste (2013) PlasseringDanmark (Danmark Hit 100)Danmark Hit 10041Danmark (The Chartbase Chart Top 100)The Chartbase Chart Top 1007Finland (The Official Finnish Download Chart)3 Island (Tónlist)8 Storbritannia (Official Charts Company)80

Kjelder

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 2013 Kategori:Melodi Grand Prix 2013-songar Kategori:Engelskspråklege Melodi Grand Prix-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2013-songar Kategori:Norske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Melodi Grand Prix-vinnarsongar Kategori:Songar skrivne av Karin Park Kategori:Songar skrivne av Robin Lynch Kategori:Songar skrivne av Niklas Olovson