Laotisk er offisielt språk i Laos og blir dessutan, i form av dialekten isan, snakka av ein tredjedel av folket i Thailand. Laotisk er eit tonalt språk.

Laotisk er nærskyld med thai, skilnaden mellom desse språka kan jamførast med skilnaden mellom svensk og norsk.

Dialektar Laotisk kan delast i fem hovudmålføre:

Vientianelaotisk (Vientiane) Nordleg laotisk (Luang Prabang) Nordaustleg laotisk (Xieng Khouang) Sentrallaotisk (Khammouan) Sørleg laotisk (Champasak)

Ein sjette dialekt blir isan-språket i Thailand.

Alfabetet Språket blir skrive med laotisk skrift. Alfabetet liknar gammaldags thai-skrift, og er tufta på det det gamle thailandske alfabetet. Ein skilnad er at ein har fjerna mange likelydande bokstavar som thai-skrifta har behelde.

Bruk Laotisk blir bruka av om lag 3 millionar menneske i Laos, og av knapt 200 000 i Thailand og Kambodsja. 800 000 har laotisk som andrespråk. Bibelen vart omsett til laotisk i 1932. Mellom ein og to tredelar av folket i Laos kan lese og skrive.Ethnologue-tal frå 1991

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lao» frå , den 5. januar 2013.

Bakgrunnsstoff Omniglot sin artikkel om laoalfabetet

Kategori:Taispråk Kategori:Laos Kategori:Språk i Laos Kategori:Einskildspråk Kategori:Språk i Thailand Kategori:Språk i Kambodsja