Fedje (uttale «Feie») er ein kommune Vestland fylke, heilt nordvest i Nordhordland. Kommunen vert utgjort av ei hovudøy, Fedje, og om lag 125 småøyar og holmar. Fedje ligg ytst mot havet og er ein vindfull stad. Det flate landskapet her ute er derfor kjenneteikna av lite skog. Hovudnæringa har historisk sett vore fiskeri. mini|Fedje sett frå Trafikksentralen for Vestlandet. I bakgrunnen ligg Fedjefjorden og midt i bilete kan ein skimte Mongstad i bakgrunnen. Kommunen er ikkje landfast og ein er avhengig av ferje for å koma seg dit. Fedje ligg om lag halvannan times biltur nord for Bergen, 4,5 km vest for Sævrøy i Austrheim

Det meste av busetnaden på Fedje ligg rundt lune bukter på nordsida av øya, som Kyrkjevågen og Rognsvågen, men det finst òg spreidd busetnad andre stader på øya. Vestsida er derimot tynt folkesett.

På ei høgd på vestsida ligg Fedje Trafikksentral som er Vestlandets Sjøtrafikkavdeling sitt administrasjonssenter under Kystverket 2. distrikt. Frå her vert skipstrafikken langs kysten av Vestlandet overvaka, inkludert trafikk inn og ut frå Bergen og Mongstad. Trafikksentralen er bygd på tuftene etter eit tysk radartårn som vart bygd under den andre verdskrigen då om lag 400 tyskarar var utstasjonert her.

Namn Namnet på Fedje heng saman med det norrøne faða, 'gjerde', som tidlegare har vorte tolka som «gjerdeøya». I dag trur forskarar at namnet i staden tyder «fiskestengsle», medan botanikarar peiker på at namnet kan kome av «feøya», sidan Fedje har vorte nytta som beiteland i lang tid og vart rydda for skog gjennom sviing.

Geografi mini|Kart over ytre Nordhordland Fedje er den vestlegaste kommunen i landet, og ligg ytst i havgapet. Mellom Fedje og fastlandet ligg den breie Fedjefjorden, i sør ligg Fedjeosen mot Øygarden, i nord ligg Holmengrå fyr ved grensa til Sogn og Fjordane og Gulen, like sør for utløpet til Sognefjorden.

Landskapet på Fedje er hovudsakleg flatt, og det høgaste punktet på øya, Fedjebjørnen, ligg berre 42 meter over havet. I grensa mellom sjø og land er det snaue svaberg dei fleste stader, og på stadane som er mest ope mot havet stader strekkjer svaberga seg 20-30 meter innover land.

Med eit areal på berre 9,4 km² er han den minste kommunen i Hordaland, og av dei minste i landet.

Øyar Fedje kommune består av omkring 125 øyar. Hovudøya Fedje er den klårt største og inneheld nesten all folkesetnad. Tre små øyar, Moldøyna, Skotholmen og Kremmarholmen i Kyrkjevågen, som ligg like nordom hovudøya er landfaste og har òg nokre bustadhus. Tidlegare var det òg bustad på Hellesøyna og Holmengrå i samband med fyrstasjonane her, men desse er fråflytta. mini|venstre|Holmengrå er av dei nordlegaste holmane i Fedje kommune Av dei andre øyane i kommunen ligg så godt som samtlege nord for hovudøya i tre små grupper, medan det ikkje ligg nokon i aust, og berre eit fåtal sør og vest for hovudøya. Den nest største øya i kommunen er Lyngmågøyna og ligg i gruppa nærast sjølve Fedje. Nord for denne gruppa ligg sundet Nordre Ålen og Innarsøyane nord for her igjen. Dei fleste av Innarsøyane er ein del av eit fuglereservat. Nord for Innarsøyane ligg Nordosen og lengst nord Holmengrå og nokre småskjer. Det nordlegaste skjeret i kommunen er Dubleskjeret. Kommunegrensa går eit stykke nord for Holmengrå og her ligg fleire grunner som bølgjene bryt på.

Øya Fedje Mesteparten av innbyggjarane på Fedje bur nord på øya der ein finn fleire lune viker. Tettast er busetjinga rundt Kyrkjevågen, som er skjerma i alle retningar, i nord av Moldøyna. Midt i denne vågen ligg Kremmarholmen. Like vest for Kyrkejvågen ligg Rognsvågen, som er mest like verna. Rett sør for hovudbusetnaden på Fedje ligg Husavatnet, som trass namnet ikkje er eit vatn, men ein djup våg. Det er lite busetnad rundt denne vågen, truleg fordi munningen til vågen er særs smal og vender ut mot det opne havet. Sildevågen er ein lang og smal våg på nordaustsida av Fedje. Sør for Husavatnet ligg den store og aude utmarka på Fedje. Ho er særs myrlendt med mange torvmyrer. Denne utmarka utgjer mesteparten av øya og er i stor grad folketom.

Lengst sør på Fedje ligg grenda Stormark. Her var eigen skule og butikk i eldre tider. Like utanfor hamna i Stormark ligg Æskjeret. På folkemunne vert Stormark stort sett kalla Æskjeret og folket her for æskjeringar.

Vatn Det finst mange tjørner på Fedje, særleg i utmarka. Dei største er Storevatnet, Langevatnet, Kloken og Brurevatnet. Storevatnet er drikkevasskjelde på Fedje. Husavatnet er ikkje eit ferskvatn, men har eit smalt utløp ut til sjøen. Utløpet er derimot så smalt at vatnet er brakt.

Gardar Det meste av busetnaden på Fedje ligg nord på øya, medan resten bur heilt sør på øya. I sentrale område er det hovudsakleg utmark.

Husa og Kopper er dei to eldste gardane på Fedje. Desse hadde den beste jorda og låg ved dei lunaste vågane nord på Fedje, mellom Kyrkjevågen, Bruvågen og Rognsvågen. Både Husa og Kopper høyrte til matrikkelgarden Fedje med gardsnummer 168. Resten av denne garden vert kalla Nederlandet og omfattar Opphaugen, Eide, Brotet, Grenda, Muren, Stuberg, Uthaugen, Berge, Byttestykket, Børen, Tangane, Vika og Steinborg. Nedrelandet ligg mellom Kyrkjevågen og Rognsvågen, nord for Husa og Kopper.

Vest for Husa, Kopper og Nederlandet, det vil sei vest for Kyrkjevågen og ut mot storhavet, ligg området Vestkanten, som har sitt eige gardnummer, nr. 169. På midten av 1800-talet omfatta Kremmarholmen heile Vestkanten. I dag er Vestkanten innedelt i Holmen, Kremmarholmen, Smineset, Sulen, Hesteneset, Hesthøyen, Mulen og Muleide, Kongestølen og Smineset. Lengst sør på Vestkanten ligg garden Træsneset, som har gardsnummer 171.

Nord for Nederlandet ligg to små øyar, Moldøyna og Skotholmen, som har gardsnummer 170. Rognsvågen er ein matrikkelgard som ligg på austsida av vågen med same namn og har gardnummer 167.

Ein annan del av matrikkelgarden Fedje er Svena og Husøyna aust på Fedje som ligg med Rognsvågen i nord, Husavatnet i vest, Sildevågen i sør og Fedjefjorden i aust. Dette området var frå gamalt av ein del av utmarka til gardane Rognsvågen, Fedje og Moldøyna, og vart nytta som beitemark for husdyra. Fram til 1950-åra vart det drive stølsdrift her og ein hadde eigne sommarfjøs til å mjølke kyrna. Under andre verdskrigen vart det skild ut tomtar her, og særleg frå 1960-åra vart det bygd mange bustader her etter at kommunen regulerte eit byggefelt i Husøyna (som ikkje er ei øy).

Sør for Husøyna ligg Vågane og Nygård, som omfattar den nordaustlege delen av Stormarka. Dei grensar i nord mot Husavatnet, Husøyna og Sildevågen. Området var utmark fram til det vart lagt ut for sal av Fedje Torvbruk under første verdskrigen. Den første frådelinga i Vågane og Nygård følgde etter i 1917. Jorda vart oppdyrka og det vart drive husdyrhald, men fiske var hovudnæringa som elles på Fedje.

Lengst sør på Fedje ligg grenda Stormark, som òg vert kalla Æskjeret. Busetnad her kom først om lag 1885 i samband med torvbruket i den store utmarka.

Naturtilhøve mini|venstre|Utmarka på Fedje sett frå Fedjebjørnen. Mest heile øya er dekt av myr- og lyngheilandskap, små vatn og tjørner. Tidlegare vart det drive omfattande torvdrift på øya, og det vart til og med bygd ei toglinje som tok torva til hamna i Stormark. Torvdrifta tok slutt omkring 1920, men framleis er landskapet og vegetasjonen prega av denne drifta. I dag som det meste av beitedrifta er borte har småskog, hovudsakleg gran, og kratt starta å vekse til, særleg dei lunare stadane på øya.

Myrlandskapet har gjeve Fedje eit særpreg og sjølv oppe på åsryggane finn ein fleire stader opp til to meter tjukke myrlag. Dette terrengdekkande myrlandskapet er mest vanleg i Irland, Wales og vestlege delar av Skottland. Myrlandskapet har oppstått som følgje av at steinalderbøndene rydda bort skogen.

Dyre- og fugleliv Eit særmerke for Fedje er villkaninane. Desse kom opphavleg frå Shetland og vart sett ut på Fedje i 1875, den gong berre 3-4 stykk. Dette var ikkje tamme kaninar som rømde eller vart sett ut, og heller ikkje dei liknande jærharane, men ekte villkaninar, som berre har eksistert eit fåtal stader i Noreg. Tidlegare var kaninane talrike og eit vanleg syn på øya, men etter at det voks opp ein større minkebestand i 1960- og 1970-åra har talet på villkaninane gått sterkt attende, og er i dag kanskje heilt forsvunne. Sidan kaninane held til på grasmark og opne skogområde, som det etter beitinga tok slutt er lite av på Fedje i dag, kan dette òg ha vore ei medverkande årsak til at dei er borte. Minken har òg teke over oteren sine jaktmarker, som i dag er i fåtal. I 1978 vart det først gong sett hjort øya, som har sømd den lange vegen over fjorden, og sidan den gong har ei lita stamme halde til her.

Fedje har eit rikt fugleliv, og sørvest i kommunen ligg to sjølfulgreservat. I alt er det observert over 180 fuglegartar på øyane, dei fleste av dei trekkfuglar som flyg langs kysten, men nokre trekkfuglar overvintrar òg på grunn av dei milde vintrane. Dei fleste fuglane er sjø- og vadefuglar, men ein finn òg nokre spurvefuglar som trostar, songarar og finkar. I tillegg finn ein enkelte rovfuglar og ugler, mellom anna havørn. Om lag 40 fugleartar hekkar på Fedje. Fuglar som hekkar på Fedje er smålom, grågås, stokkand, krikkand, ærfugl, siland, orrfugl, tjeld, vipe (kalla siri på Fedje), steinvendar, raudstilk, storspove, småspove, enkeltbekkasin, tjuvjo, hettemåse, sildemåse, gråmåse (kalla storemåse på Fedje), svartbak (òg kalla storemåse på Fedje), fiskemåse (kalla sengsmåse på Fedje), makrellterne, raudnebbterne, tyrkardue, gauk, låvesvale, songlerke, heipiplerke, skjerpiplerke, gulerle, linerle, star, skjor, kråke, ramn, steinskvett (kalla steindulp på Fedje), gråtrost, svarttrost, kjøttmeis, gråsporv og bergirisk.

Husdyr I dag er det eit par hundre sauer som beiter på Fedje, men tidlegare var husdyrhaldet langt rikare. Dei fleste gardane hadde sine eigne dyr og før den andre verdskrigen var Fedje sjølvforsynt med mjølk. I 1945 var det registrert 144 kyr på øya, men i dag er det ingen att.

Historie Fedje vart ein eigen kommune i 1947 og før den tid hadde han vore ein del av Austrheim (1910-1947) og Lindås (før 1910)

Eldre historie og gamle naturtilhøve mini|Landskap frå vestsida av Fedje. Sett frå toppen av Hellisøy fyr. Då den siste istida gjekk mot slutten auka havnivået på jorda, og på Fedje låg havet 20 meter høgare enn i dag for om lag 10 000 år sidan, som vil seie at om lag 80 % av dagens Fedje var under vatn. For 8000 år sidan førte landhevinga til at havnivået vart 1,5 meter lågare enn i dag, før havnivået igjen auka om lag 10 meter då innlandsisen i Amerika smelta. Etter kvart tok landhevinga igjen over og ein har fått det havnivået ein har i dag.

Ved hjelp av sedimentprøvar frå tjørnene på Fedje har ein fått ein viss oversikt over korleis vegetasjonen har variert sidan den siste istida. Fram til om lag 4000 år sidan var austlege område av Fedje dekte av open lauvskog. Hovudsakleg har dette vore bjørk, men det er òg funne spor etter ein del svartor, hassel, alm, eik og selje. Dei neste to tusen åra vart skogen tynnare og det vart større flater med lyngheier. For 2000 år sidan og fram til i dag har Fedje vore dominert av lyngheilandskap. Den vêrutsette vestsida av Fedje var den gong som i dag trelause.