Cape Vostok er eit klipperikt nes heilt vest i Havre Mountains og nordvest på Aleksanderøya i Antarktis. Det vart oppdaga av den første russiske Antarktisekspedisjonen i 1821 leia av Fabian Gottlieb von Bellingshausen og Mikhail Lazarev. Det vart kartlagd i detalj frå flyfoto teken av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i 1947–48, og sidan av Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey i 1960. Neset vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee etter sluppen «Vostok», kommandert av Bellingshausen. Namnet tyder «aust», sjølv om neset ligg vest på øya.Vostok, Cape Geographic Names Information System

Sjå òg

Cape Brown Cape Westbrook

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Cape Vostok» frå , den 2. januar 2013. oppgav desse kjeldene:

Kjelder

Kategori:Nes på Aleksanderøya