Jiaozuo (kinesisk skrift 焦作; pinyin Jiāozuò) er eit byprefektur nord i provinsen Henan i det sentrale Kina. Byprefekturet, som i nord grensar mot provinsen Shanxi, ligg ved elva Huang He og like sør for Taihangfjella.

Jiaozuo har eit areal på 4 071 km² og hadde vel 3,5 millionar ibuarar i 2010. Jiaozuo er ein av kjernebyane til tettstadområdet Zhongyuan ('den sentrale sletta') og ein regionalt sentral by lang grensa mellom Shanxi og Henan. Byprefekturet omfattar åtte bydistrikt (区 qū), to byfylke (市 shì) og åtte fylke (县 xiàn).

Næringsliv Jiaozuo har fleire smelteverk og ein heil del maskinindustri. Jiaozuo kolkraftverk frå 2005 er eit av Kinas mest moderne kraftvarmeverk.

Transport Jiaozuo er det nordlege endepunktet for jernbanen mellom Jiaozuo og Liuzhou, og det sørlege endepunktet for jernbanen mellom Jiaozuo og Taiyuan. Byen har jernbanesamband til byar som Luoyang, Xinxiang og Nanyang i Henan og Jincheng i Shanxi.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jiaozuo» frå , den 29. desember 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byprefektur i Henan