Musculus teres minor (frå latin teres, «rund» og minor, «liten»), på norsk somtid òg kalla den vesle runde muskelen, er ein rund og tynn skuldermuskel som går frå lateralkanten på skulderbladet til den store beinknuten på overarmsbeinet. Han er innervert av n. axillaris som kjem direkte fra armnerveflettverket plexus brachialis og utoverroterer, adduserer og stabilierer overarmsbeinet.
Han er ein av dei fire musklane i skuldermansjetten. Han er òg med på å forme den bakre aksillefolden saman med m. latissimus dorsi og m. teres major. I tillegg er han den øvste begrensinga ved det laterale og mediale aksillehòlet.
Fleire bilete
Sjå òg M. teres major
Bakgrunnsstoff
Teres minor