Oktanten (frå latin Octans) er eit stjernebilde rundt sørpolen på himmelkvelvinga. Stjernebildet er oppkalla etter måleinstrumentet oktant. Stjernebiletet vart konstruert av Nicolas Louis de Lacaille på 1700-talet.
mini|venstre|256px|Stjernebiletet Oktanten slik det er for det nakne auga.
Oktanten er kjend for at den sørlege himmelpolen ligg her. I motsetnad til nordpolen, har ikkje det sørlege polpunktet ei lyssterk stjerne. Sigma Octantis (σ Oct) er den stjerna ein kan sjå med det nakne auga som ligg nærast polen, og ho ligg særs nær, men er så lyssvak (5,45) at ho ikkje kan nyttast innan navigasjon. I staden har navigatørar nytta stjernebiletet Sørkrossen, som peikar mot polen.
Stjernebiletet er berre synleg på den sørlege halvkula.
Stjerner Oktanten er eit særs lyssvakt stjernebilete og den mest lyssterke stjerna, Ny Octantis, har storleiksklasse 3,8. Sigma Octantis, den særlege polarstjerna, har storleiksklasse 5,4 og ligg kring ein grad under sørpolen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Octans» frå , den 2. juli 2016.
Bakgrunnsstoff
The Deep Photographic Guide to the Constellations: Octans Starry Night Photography : Octans Star Tales – Octans Oktanten på Constellation Guide
Kategori:Stjernebilete Kategori:Sørlege stjernebilete