DS «Orkla» var eit dampskip levert i oktober 1869 for Det Ørkedalske Dampskibsselskab. Det vart seld til Frosta Dampskibsselskab i Trondheim i 1903 og gjeve namnet «Tautra». I 1916 vart ho seld til Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap (HSD) for kr. 35 000 og omdøypt «Fjæra».

Historie For Det Ørkedalske Dampskibsselskab gjekk «Orkla» i ruta Orkdal-Trondheim. Det vart ombygd og forlenga ved Trondhjems Mek. Verksted i Trondheim i 1894 og i 1890 vart det sett inn ein ny maskin. Skipet vart i 1903 seld til Frosta Dampskibsselskab i Trondheim og omdøypt «Tautra» i 1908.

DS «Fjæra» I mai 1916 vart det seld til Hardanger Søndhordlandske Dampskibsselskab i Bergen (som erstatning for DS «Lyderhorn» som hadde gått tapt) og omdøypt «Fjæra». Ho gjekk i ruta Bergen-Sunnhordland, og seinare i lokalrute i Sunnhordland. Sommaren 1922 gjekk ho i turistfart i Hardanger (Odda-Tyssedal-Lofthus-Utne-Eide), og gjekk elles i lokalrute i Sunnhordland.

Skipet låg i opplag i Bergen då Noreg vart invadert den 9. april 1940. Tyskarane prøvde først å få tak i skipet, men dette vart hindra. Ho gjekk attende i lokalruter i Sunnhordland tidleg i krigen. 9. august 1942 kolliderte ho med tyske «Taifun» i Langenuen nær Stord. Sjølv om det var det tyske fartøyet som hadde skulda, vart kaptein Framnes på «Fjæra» dømd til fire månader fengsel.

Etter krigen låg «Fjæra» i opplag igjen og vart etter kvart i så dårleg stand at ho ikkje kom i teneste att. I desember 1949 vart ho seld til Alf Vågsbø og opphogd i Bergen.

Kjelder Skipet.no Fjæra på warsailors.com

Kategori:Norske dampskip Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1869 Kategori:Skip sluttsegla i 1949 Kategori:Skip bygde ved Trolla Brug Kategori:1869 i Noreg