D/S «Vikingen» var eit dampskip bygt i 1865. Det vart levert for I/S Vikingen i Bergen. I mars 1878 vart det overteke av Det Vestlandske Dampskibsselskab og i mai 1883 av Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskab, som det gjekk i rute for fram til 1898. I 1889 vart skipet ombygd.

M. Haabeth i Trondheim kjøpte «Vikingen» og i 1905 vart det ombygd til 117 bruttotonn. Skipet vart i 1912 seld til H. Braseth i Fauske og Bodø og omdøypt til DS «Hammerø», men vart alt i 1914 seld til Saltens Dampskibsselskab i Bodø, som det gjekk i rute for fram til 1949. Dette året vart det seld til Hans Kalhus i Bodø og skipet fekk namnet «Tarzan». I 1952 vart skipet hogd opp hos Brødrene Anda i Stavanger.

Kjelder Skipet.no

Kategori:Norske dampskip Kategori:Båtar frå Vestland Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1865 Kategori:Skip sluttsegla i 1952 Kategori:Skip bygde ved Nylands mekaniske verksted Kategori:1865 i Noreg