For fuglen av same namn, sjå ramn.

Ramnen (frå latin Corvus) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Biletet har berre 11 stjerner som er synlege for det nakne auga (lysare enn storleiksklasse 4,02). Det var eit av dei 48 stjernebileta oppførte av Klaudios Ptolemaios, som berre talde sju stjerner og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta.

Kjende objekt mini|venstre|200px|Stjernebiletet Ramnen slik det er for det nakne auga. Stjerner Fire av stjernene, δ, γ, ε og β Crv dannar ein asterisme.Nickel, J., (1999): Lift Up Your Eyes on High: Understanding the Stars, Christian Liberty Press, s. 53. or "the Sail».Bakich, M. E., (1995): The Cambridge Guide to the Stjernebilete, Cambridge, Cambridge University Press, s. 21,22.Mullaney, J., (2007): The Herschel objects and how to observe them <Astronomers' Observing Guides>, Springer, s. 39.

Dei fire mest lyssterke stjernene i Ramnen er stort sett lite merkverdige. Alfa Corvi, òg kalla Alchiba, er ei kvitfarga stjerne med storleiksklasse 4,0, 40 lysår frå jorda. Beta Corvi er ei gul kjempestjerne med storleiksklasse 2,7, 146 lysår frå jorda. Gamma Corvi, òg kalla Gienah, er den mest lyssterke stjerna i Ramnen med storleiksklasse 2,6, 154 lysår frå jorda. Ho er ei blåkvit kjempestjerne. Delta Corvi, tradisjonelt kalla Algorab, er ei dobbeltstjerne. Det er mogeleg å sjå begge stjernene i små amatørteleskop. Primærstjerna er ei blåkvit stjerne med storleiksklasse 2,9, 88 lysår frå jorda. Sekundærstjerna er ei rosa stjerne med storleiksklasse 9.

TT Corvi er ei halvregulær variabel raud kjempe med spektralklasse M3III og tilsynelatande storleik 6,48, kring 923 lysår unna.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Corvus (constellation)» frå , den 8. juli 2016. oppgav desse kjeldene:

Ian Ridpath and Wil Tirion (2007). Stars and Planets Guide, Collins, London. ISBN 978-0-00-725120-9. Princeton University Press, Princeton. ISBN 978-0-691-13556-4. Richard Hinckley Allen, Star Names, Their Lore and Legend, New York, Dover. Thomas Wm. Hamilton, Useful Star Names, Viewlex, Holbrook, New York, 1968.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Stjernebilete Kategori:Sørlege stjernebilete Kategori:Stjernebilete oppførte av Ptolemaios