Carl Friedrich Chun () var ein tysk marinbiolog.

Chun vart fødd i Höchst, som i dag er ein del av Frankfurt, og studerte zoologi ved Universitet i Leipzig. Han vart professor ved same universitet i 1892. Han tok initiativ til og leia den tyske djuphavsekspedisjonen Valdiviaekspedisjonen som seglte ut frå Hamburg 1. august 1898. Ekspedisjonen kartla områda rundt Bouvetøya, Kerguelen og andre subantarktiske havområde. Ekspedisjonen returnerte til Hamburg 30. april 1899.

Chun var spesialist på blekksprutar og plankton. Han oppdaga og namngav Vampyroteuthis infernalis.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Carl Chun» frå , den 11. desember 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tyske biologar Kategori:Folk frå Hamburg