Anarâškielâ servi, eller ‘den enaresamiske foreininga’, er ei foreining som vart stifta i 1986 i Enare.

Stiftingsmøtet vart halde i Ivalo 4.12. 1986. Stiftingsmedlemmane var Veikko Aikio, Ilmari Mattus og Matti Morottaja: Morottaja vart den første ordføraren. I 2019 var Marja-Liisa Olthuis leiar i foreininga.Jf. Anarâš-lostâ 1/2019

Føremålet med foreininga er å fremje og styrke enaresamisk. I 1997 starta foreininga opp eit enaresamisk språkreir som fekk namnet Kielâpiervâl. Dette språkreiret har lukkast med å auke talet på enaresamiske talarar, særleg blant barn og unge. Foreininga gjev også ut bladet Anarâš og nettavisa Kierâš, begge på enaresamisk.

17. november 2004 fekk foreininga den nordiske Gollegiella-prisen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Anarâškielâ servi» frå , den 8. desember 2012.

Bakgrunnsstoff Anarâškielâ servi i Siida-museet Anarâškielâ servi

Kategori:Skipingar i 1986 Kategori:Enaresamisk språk Kategori:Samiske organisasjonar