Martin Höllwarth () er ein austerriksk tidlegare skihoppar frå Schwaz i Tirol. Han vann to individuelle OL-sølv i 1992 og ei VM-bronse i 2001. Både i 2001 og 2005 var han med på austerrikske firemannslag som vann VM-gull, siste gongen til og med to gullmedaljar. Höllwarth representerte skiklubben SC Mayrhofen.
Aktiv Höllwarth var ein av dei fyrste austerrikske skihopparane som hoppa med V-stil. I 1991, knapt sytten år gammal, vart han juniorverdsmeister i skihopping. Han debuterte i verdscupen romjula 1991, der han vart nummer fire i opningsrennet i den tysk-austerrikske hoppveka. Straks etter hoppveka fekk han i Predazzo sin fyrste siger i eit verdscuprenn. Seinare i OL-sesongen vann Höllwarth tre sølvmedaljar under vinter-OL 1992i Albertville. I normalbakken kom han bakom landsmannen Ernst Vettori og i storbakken var finske Toni Nieminen dein som overgjekk han. I lagtevlinga fekk Höllwarth sølvmedalje saman med Ernst Vettori, Andreas Felder og Heinz Kuttin.
Dei fem sesongane 1993-97 var Höllwarth sjeldan å finne dei beste på resultatlistene i verdscupen. Berre ein og annan gongen slumpa han til å gjere to gode hopp, og kunne dermed notere seg for nokre få sigrar.
Frå 1998 til 2005 var Höllwarth tilbake mellom dei beste skihopparane i verda. Særleg flink og stabil var han i dei fire siste sesongane i perioden, og både i 2004 og 2005 kom han på femteplassen i verdscupen. Höllwarth vann åtte individuelle verdscuprenn, det fyrste i januar 1992 og det siste i januar 2005. 28 gongar (8-6-14) kleiv han på pallen i verdscuprenn.
Höllwarth la opp som skihoppar i 2008. Han bur i dag i Mieming.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap OL 1992 i Albertville: Sølvmedalje både i normalbakken og i storbakken VM 1993 i Falun: Nr 16 i normalbakken VM 1997 i Trondheim: Nr 12 i normalbakken VM 1999 i Ramsau: Nr 5 i normalbakken VM 2001 i Lahti: Bronsemedalje i normalbakken og nr 4 storbakken OL 2002 i Salt Lake City: Nr 14 i storbakken VM 2003 i Val di Fiemme: Nr 7 i normalbakken VM 2005 i Oberstdorf: Nr 9 i storbakken
Medaljar i laghopp i internasjonale meisterskap OL 1998 i Nagano: Bronsemedalje, saman med Stefan Horngacher, Reinhard Schwarzenberger og Andreas Widhölzl VM 1999 i Ramsau: Bronsemedalje, saman med Horngacher, Schwarzenberger og Widhölzl VM 2001 i Lahti: Gullmedalje og bronsemedalje; saman med Horngacher, Wolfgang Loitzl og Andreas Goldberger VM 2005 i Oberstdorf: To gullmedaljar, begge saman med Loitzl, Widhölzl og Thomas Morgenstern.
Verdscupsigrar Nr. Dato Stad Land 1. 10. januar 1992 Predazzo Italia 2. 19. desember 1992 Sapporo Japan 3. 5. februar 1997 Willingen Tyskland 4. 7. desember 2002 Trondheim Noreg 5. 14. desember 2002 Titisee-Neustadt Tyskland 6. 15. desember 2002 Titisee-Neustadt Tyskland 7. 18. januar 2004 Zakopane Polen 8. 6. januar 2005 Bischofshofen Austerrike
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Martin Höllwarth» frå , den 4. desember 2012. Denne artikkelen bygger på «Martin Höllwarth» frå , den 4. desember 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Austerrikske skihopparar Kategori:Verdsmeistrar i skihopping Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Austerrike Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Austerrike Kategori:Olympiske medaljevinnarar i skihopping Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1998 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1998 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2002 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1999 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2001 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2003 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2005