Bjelland Point er eit nes på nordkysten av Sør-Georgia, like sør for Second Milestone og 1,5 nautiske mil aust-nordaust for Robertson Point. Det vart kartlagd av South Georgia Survey i perioden 1951–57, og vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter Sigurd L. Bjelland, leiar av South Georgia Whaling Co-stasjonen ved Leith Harbour i fleire år frå 1951.
Kjelder
Kategori:Nes på Sør-Georgia Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter nordmenn