Norrbottens län er det nordlegaste lenet i Sverige. Administrativt sentrum er Luleå.

Norrbottens län er det største lenet i Sverige og utgjer i flatemål kring ein fjerdelel av det totale landarealet. Norrbottens län vert delt inn i landskapet Norrbotten og den nordlege delen av landskapet Lappland. Norrbottens län vart skild ut frå Västerbottens län i 1810.

Länet har 14 kommunar. Størst flatevidd har Kiruna kommune, medan Haparanda er den minste kommunen. Luleå kommune har flest innbyggarar og Arjeplog kommune minst.

Det høgste fjellet i Sverige, Kebnekaise, og landets djupaste innsjø, Hornavan på 232 m djupn, ligg i Norrbottens län. Samstundes som det er permafrost i fjellområda strøymer turistane til havbada ved Bottenvikskysten.

Byar Boden Haparanda Kiruna Luleå Piteå

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Len i Sverige Kategori:Barentsregionen Kategori:Norrbottens län