Sherratt Bay er ei bukt mellom Cape Melville og Penguin Island på sørsida av King George Island i Sør-Shetlandsøyane. Bukta var kjend for og grovt kartlagd av selfangarar som arbeidde i området tidleg i 1820-åra. Ho vart namngjeven av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1960 etter Richard Sherratt, kaptein på «Lady Trowbridge» frå Liverpool som forliste utanfor Cape Melville den 25. desember 1820. Sherratt fekk tida til å gå fram til han vart redda med å lage eit unøyaktig, men historisk interessant kart over Sør-Shetlandsøyane.
Kjelder SCAR Composite Antarctic Gazetteer.
Kategori:Bukter på King George Island