mini|Machu Picchu (quechua Machu Piqchu) er kalla den tapte byen til inkaene. mini|Ekspansjon av territoriet. Inkariket er ein tidlegare stat i Sør-Amerika som eksisterte frå 1438 til 1533. På quechua heiter inkariket Tawantinsuyu, «riket med fire hjørne/regionar». Hovudstaden var Cuzco, «verdas navle», og låg der dei fire delane av riket møttest. Territoriet ekspanderte fram til 1525 og strekte seg då over det meste av dagens Peru og Ecuador, med unntak av dei austlege, lågtliggande områda, Chile sør forbi Santiago og områda av Bolivia og Argentina som ligg i Andes. Kan hende var Tawantinsuyu større enn samtidige Ming-Kina og Det osmanske riket. Quechua var offisielt språk i forvaltinga av staten.
Teknologiske og kulturelle særdrag for inkariket er klart ulike dei i Europa på same tid. Berre mjuke metall var kjent, jern var ikkje i bruk i inkariket. Til hjelp for transport hadde ein lama som klauvdyr og eit godt vegnett. Vegane var dei beste nokon gong bygd før oppfinninga av bilen. Men vogn eller hjul var ikkje i bruk og det fanst heller ikkje trekkdyr eller ridedyr motsvarande hest. Skriftspråk i europeisk forstand var ikkje kjent, sjølv om quipu (som enno ikkje er fullt tydd) vart nytta for numerisk informasjon. Eit anna trekk ved samfunnet i inkariket var at ein ikkje brukte marknadsplassar og heller ikkje hadde pengesystem med myntar.
Dei teknologiske føresetnadene, saman med resultata som vart skapt innan arkitektur, bygg og organisering av samfunn, kan ha medverka til at det er skapt mykje mystisisme rundt inkariket. Alle dei uløyste spørsmåla kring inkariket som Machu Picchu-gåta, spørsmålet om korleis dei rådde med dei enorme steinane i bygging av Sacsahuaman, dei «virtuelle linjene» frå Coricancha og ein kan her ta med nazcalinjene forma av nazcakulturen mange hundre år før inkatida, alt er faktorar som kan ha gjeve liv til mystisismen.
Kven var inkaene Folket i Tawantinsuyu kom frå talrike etniske grupper og var etterfølgjarar av før-inka-sivilisasjonar, kan hende med hundrevis av ulike språk. Vi snakkar såleis ikkje om eit «inkafolk» som ei etnisk gruppe av alle menneske i riket. Når inkariket voks med erobringar, vart det i liten monn følgt av ei folkevandring inn i dei erobra områda. Oftast fekk det erobra folket halde fram med sitt lokale språk og sin eigenarta kultur gjennom ayllusystemet, men måtte gje tilskot til riket i form av skattar og tenester, mita som bytte mot tryggleik og vern. Lokale administratorar kunne bli rekruttert lokalt.
Samfunnet var mykje klassemedvetent, menneske var ikkje rangert ut frå kjøpekraft eller tilgang på eigedom, men av ættegruppa som dei var rekna med i. Sentralt i Cuzco sat herskarklassen på toppen av den sosiale pyramiden med inkaen, sapa inka øvst. Høgst i rang utanom inkaen sjølv var ætta åt inkaen. Ein ny sapa inka kunne berre verte rekruttert frå familien. Neste sosiale gruppe i rang var orejonane, dei som levde innanfor aylluen åt inkaen, men som ikkje var av inkaætt. Leiarar eller andre kvalifiserte frå erobra område vart somme tider inkludert i denne kasten. Orejonane og inkafamilien samla sett utgjorde herskarklassen, òg kalla inkanobilitetane, dei eigentlege inkaene, og var ein sosial elite. Det er estimert at denne eliten gjorde totalt ut ca 40 000 individ og dominerte folkesetnaden på 10 millionar eller meir. Ettersom framande kunne komme inn i gruppa av orejonar, var heller ikkje herskarklassen éi etnisk gruppe.
Kort historisk oversyn Korleis riket oppstod mini|Regnbogeflagget er eit symbol som mange i Peru knyter saman med inkaene. Flagget er mykje synleg i Cuzco, spesielt under Inti Raymi-festivalen for feiring av vintersolkverv.
Omfang av riket For å fatte storleiken i det geografiske territoriet kan ein granske nettverket av vegar i riket. Det lengste vegstykket frå Quito i Ecuador gjennom Cuzco til Tucumán i Argentina er ca 5200 km langt. I Europa er til samanlikning kortaste bilvegen frå Hammerfest til Madrid 4937 km.
Om ekspansjonen av territoriet Føremona som inkahæren hadde framføre fiendane var eit stort tal soldatar, dei var vel organiserte, dei var godt syte for med forsyningar og kommunikasjonssystem. Dei bygde festningsverk på bakketoppar og i fjellsider. Våpna var varierte, spyd, steinslynge, pil og boge, inkaene føretrekte klubbar og spyd. Saman med gode militære strategiar gav dette overtak på fiendane.
Inkasamfunnet, folk og kultur Folket i inkariket var frå ei mengd etniske grupper. Språket var såleis fragmentert i riket, men quechua vart utbreidd etter at det vart offisielt administrasjonsspråk. Menneska var fysisk godt tilpassa det ytre miljøet i høglandet. Folk la vekt på å vere reinslege, det var bygd offentlege bad, nokre ved varme kjelder.
Kameldyr vart utnytta på ulike vis i Andes. Lama og alpakka var kultivert til husdyr, lama som kløvdyr og alpakka til ull og skinn. Vikunja og guanako var aldri temt, men begge var jaktobjekt og vikunja blei truleg fanga levande for klipping på liknande vis som det gjerast i dag.
Basisdiett var potet og perumelde. Frukt og grønsaker var utfyllande kost, importerte som skvåsj og bananar og innanlandske som ulluco, oca og andre. Det var avgrensa kjelder på kjøtt, av di verken dei «fire store» husdyra (geit, sau, ku, gris) eller hest fanst i førkolumbisk Amerika. Lama, alpakka og vikunja kunne ikkje brukast uhemma til kjøtt då dei vart nytta til transport og produksjon av tekstilar. Det er rapportar på at tørka kjøtt fanst i depot. Marsvin var husdyr og gav litt kjøttilskot. I ei viss monn var gjæser òg gjorde til husdyr. Fisk var viktig i somme regionar, t.d. ved Titicaca.
Dei offisielle inkaene hadde område for jakt av hjortedyr, vikunja og guanako, og villfugl. Dette gav eit tilskot på kjøt for dei som kunne ta del i jakt. Inkaene forakta folkeslag som åt hundekjøt eller enda verre, var kannibalar.
Maten var kokt i keramiske kar, jern var ukjent i kulturen, og dermed var steiking ikkje mogeleg. Vanleg drikke var chicha, medan det sterkare vipuna berre var lovleg i religiøse ritual. Det var to faste daglege måltid.
Religion og mytologi Presteskap og religiøs verksemd var viktig. Guddomen hadde tre ulike framsyningar eller eigenskapar. Viracocha var skaparen, Illapa gud for tore og vêr, og Inti solguden. Inti var opphavet til den første inka Manco Cápac, derfor vart Inti òg hovudmål for herskarklassen sin kultus og koplinga mellom folket og det guddommelege. Misjon kom som ei naturleg følgje av ekspansjon av riket, sentrale leiarar frå erobra område vart førte til soltemplet i Cuzco for læring. Etter det skulle dei spreie læra om Inti i nye delar av riket. Det vart òg bygd soltemplel til Inti rundt om i riket. Offergåver var alkoholdrikker, mat, klede, dyr, men berre sjeldan menneske.
Arkitektur og bygg
Andre kulturelle uttrykk
mini|Inka tunika frå ca 1550. Klede og tekstilar Vanleg landsbyfolk hadde ikkje høve til å nytte andre klede enn det som var ein enkel standard. Kvinna bar ein lang lys tunika med belte. Utanpå kunne ho bere ei grå kåpe festa over brystet med ei nål. Mannen bar knebukse og kvit tunika utan armar. Ytterklede var ein brun frakk i ullstoff. Om dei ikkje gjekk barbeinte brukte dei enkle sandalar.
Herskarklassen, offisielle leiarar og truleg òg soldatar brukte tunikaer med fargerike ornamenteringar som indikerte statusen i samfunnet. Bilete av inkatunikaen syner eit døme på ein slik. Utforminga av klede var ekstremt enkel, ikkje eingong inkaene hadde skreddarsaum.
Ull var hovudråstoff til tekstilar, etterkvart brukte ein òg bomull. Kjelder for ull var lama, alpakka og vikunja nemnd i følgje av stigande kvalitet. Ull blei spunne til ulike trådkvalitetar og vove til tekstilar. I acllahuasis, jenteskolen, vart dei flottaste kleda, cumbi, produsert til eliten og for religiøse formål. Svart, kvit og variantar av brun var naturlege farger på ulla, men inkaene var kjende for å føretrekkje kraftfulle og meir sofistikerte farger enn i dei tidlegare kulturane ettersom dei føretrekte varme naturfarger. Farging var eit vel utvikla handverk, og fargestoff vart tatt frå plantar og mineral.
Veggteppe var òg produkt av tekstilhandverk. Inkaene kjente truleg tidlegare meisterarbeid innanfor tekstil som for eksempel arbeid frå paracaskulturen.
Kunst og handverk Kvar ayllu var sjølvforsynt med handverksvarer. Kopar, tinn, sølv og gull var kjende metall, men alt gull vart konfiskert av styresmakta. I Chimu og i inkariket hadde dei betre kunnskap om metallteknologi enn hjå nokon anna folk i førkolumbisk Amerika. Dei lagde bronse som legeringar av tinn og kopar. Dei kjende til herding, forgylling, logging, klinking, hamring av metall i formgjeving og andre teknikkar.
Landbruk Det fanst to hovudformar av landbrukssystem i Inkariket. Dyrking av rotvekstar gjekk føre seg opp til 5000 moh. Mest viktig var potetdyrkinga, bøndene rådde over tallause sortar, fram til i våre dagar har over 220 artar vore kjente. Dei høgast veksande vart brukte til framstilling av chuño. Titals andre rotvekstar vart dyrka, ein annan mykje skatta vekst var oca. Mais var eit sentralt landbruksprodukt. Mais voks i lågare dalar, han trong gjødsling og system for kunstig vatning. Som eit resultat av politisk styring vart mais kultivert i større høgd for statleg lagra avlingar. Mais var høgstatusmat, for gjæring av øl (chicha) og seremonielle formål.
Den mest synlege arven frå agrikulturen i inkatida er terrasseringa. Terrassar vart bygd mot jorderosjon i dalsider og åsar, samtidig som dei gav effektiv bruk av vatn. Det var først under administrasjonen av inkaene at desse byggverka vart laga.
Ein annan konstruksjon som fekk mykje å seie for landbruket var irrigasjonssystemet for å distribuere vatn. Systemet fanst i fleire variantar. Tynne opne steinsette kanalar på ca 60 cm leia vatnet langs konturar i terrenget eller ned bratte fall. Inne i byane var kanalane lagt under bakken. Større byggverk som akveduktar vart bygd for å krysse dalar. Nokre elvar var kanaliserte for å motverke skadar som skjer når elvar tar nye vegar.
Både terrassar, irrigasjonssystem og kanaliserte elvar slik dei vart konstruert i inkariket kan studerast i dag. Til dømes er elva i Urubambadalen kanalisert forbi Ollantaytambo. Vi kan sjå framifrå døme på terrassering i Urubambadalen og i Colcadalen.
Husdyrhaldet var avgrensa til lama og alpakka, men det var ikkje snakk om kjøttproduksjon i stor skala.
Styresett og organisering Inkariket var ein integrert stat av mange tidlegare åtskilde kulturar, men ein kan òg sjå dette som ei kolonimakt kor herskarklassen i Cuzco og seinare òg i Quito utgjorde kolonistane. Inkanobilitetane fekk dei største privilegia som palass, harem, tenarar, reise i berestol, bruk av kokablad, beste maten og kleda, finaste servise og anna. Om styresettet i røynda var totalitært, kan inkasamfunnet på eit vis reknast som eit velferdssamfunn som trygga alle dei som stod utanfor denne eliten av di alle borgarar hadde rett på mat og klede som turvtest.
Provinsane (quechua: suyu) i Tawantinsuyu var Chinchaysuyu i nordvest, Antisuyu i nordaust, Cuntisuyu i sørvest og Collasuyu i søraust. Kvar provins svarte til eit av dei fire hjørna i riket. Dei fire provinsane var delt inn i mindre provinsar som passa til politiske einingar frå før inkatida, og somme av dei igjen kunne vere delt inn i enda mindre einingar eller justert i storleik. Totalt var det ca 80 politiske provinsar.