Rogaland er eit fylke i Noreg. Det grensar i nord til Vestland og i aust til Vestfold og Telemark og Agder. I vest har fylket kystline mot Nordsjøen.
Fylket svarar til det tidlegare Stavanger amt og har sitt nåverande namn frå 1919. Namnet stammar frå rygene, der fyrste ledd er genitiv av det norrøne ordet rygir. Landskapet i fylket femner det meste av norsk natur og Rogaland vert med dette ofte kalla eit Noreg i miniatyr. Her kan ein nemne høgfjell med snø og is som aldri smeltar, mektig fjordlandskap, frodig jordbruksland og berr kyst. Største by og administrerande senter i fylket er Stavanger.
Fylkesvåpenet er teikna av Hallvard Trætteberg og vart godkjent ved kongeleg resolusjon 11. januar 1974. Motivet er ein utskrådd kross med spiss fot, og er forma etter minnesteinen over Erling Skjalgsson som vart reist år 1029. Fylkesblomsteren til Rogaland er klokkelyng, fylkesfuglen er vipa og fylkessteinen er anortositt.
Administrasjon Stavanger er sete for statsforvaltaren og administrasjonen i fylkeskommunen. Av statsadministrasjon har ein Oljedirektoratet i Stavanger.
Stavanger bispedømme femnar heile Rogaland, som omfattar åtte prosti med 44 prestegjeld og 88 sokn. Rogaland tilhøyrer Sør-Vest politidistrikt, og er delt i to tingrettsdistrikt. Rogaland fylkeskommune driver 25 kommunale vidaregåande skular i fylket.
Fylket har til saman 23 kommunar.
Kommunar Folketala i oversynet under er frå SSB per . Nr.NamnAdm.senterFolkemengdFlatevidd (km²)MålformDistrikt110120px|Eigersund kommune EigersundEgersundbokmålDalane110320px|Stavanger kommune StavangerStavangernøytralJæren1106 20px|Haugesund kommune HaugesundHaugesund nøytralHaugalandet110820px|Sandnes kommune SandnesSandnesnøytralJæren111120px|Sokndal kommune SokndalHaugeDalane111220px|Lund kommune LundMoi111420px|Bjerkreim kommune BjerkreimVikesånynorsk111920px|Hå kommune HåVarhaugnøytralJæren112020px|Klepp kommune KleppKleppenynorsk112120px|Time kommunar TimeBryne112220px|Gjesdal kommune GjesdalÅlgårdnøytral112420px|Sola kommune SolaSola112720px|Randaberg kommune RandabergRandaberg113020px|Strand kommune StrandJørpelandRyfylke113320px|Hjelmeland kommune HjelmelandHjelmelandsvågennynorsk113420px|Suldal kommune SuldalSand113520px|Sauda kommune SaudaSauda114420px|Kvitsøy kommune KvitsøyYdstebøhavnnøytral114520px|Bokn kommune BoknFøresviknynorskHaugalandet114620px|Tysvær kommune TysværAksdal114920px|Karmøy kommune KarmøyKoperviknøytral115120px|Utsira kommune UtsiraUtsira116020px|Vindafjord kommune VindafjordØlensjøennynorsk1120px RogalandStavangernøytralRogaland
Klima Fylket ligg i den sørlege utkanten av eit klimabelte med sterkt maritimt, «vestorientert» preg og der høge fjell, djupe fjordar og dalar skaper store kontrastar. Innan Rogaland skjer det ein gradvis overgang til det meir einsarta tilhøvet som pregar det «sørorienterte» Agder. Kyststraumen frå Skagerrak er ein vesentleg klimafaktor.
Om vinteren bles det oftast frå søraust, og om sommaren frå nordvest. Sommarvinden har ofte ein market dagleg variasjon på grunn av solgangsbrisen, noko som fører til at vindstyrken ofte kjem opp i liten kuling eller meir. Årsmiddelet av kuling ved kysten er kring 20 %, medan liten storm eller meir skjer ca. 1 % av tida.
Februar er som regel den kaldaste månaden med ein middeltemperatur på kring 1 °C ved kysten, og frå –5 til –8 °C i indre strøk og i fjellet. Dei lågaste temperaturane som er målte er frå desember til februar og er frå -15 til –20 °C og ned til ca. –25 °C i indre strøk. Den varmaste tida er juli eller august med ein middeltemperatur på 14–15 °C. Dei høgaste temperaturane er målte i juni-august og er 27–33 °C.
Nedbørsfordelinga er forholdsvis einsarta og både ved kysten og i fjellet er årssummane 1000–1200 mm, i enkelte maksimalområde 30–60 km frå kysten går dei opp i kring 2500 mm. Lågare fjell, mindre vinternedbør og høgare sommartemperatur enn i Hordaland og Sogn og Fjordane gjer at det ikkje er større isbrear i fylket.
Det er langt meir tåke i Rogaland enn på resten av Vestlandet, noko som delvis skuldast vårtåke over den kalde kyststraumen og at området er meir utsett mot fuktige luftstraumar frå sør. Ved kysten er det tåke 2-3 % av året, med opp mot 4-8 % i april.
Sjå òg Tettstader i Rogaland
Kjelder https://snl.no/Rogaland i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff Rogaland fylkeskommune Statsforvaltaren i Rogaland NRK Rogaland Vêrvarsel for Rogaland
Kategori:Fylke i Noreg