Drygalski Island er ei isdekt øy i Davishavet i Sørishavet kring 85 km nord for kysten av Queen Mary Land og 72 km nord-nordaust for Cape Filchner. Drygalski Island har ei høgd på 325 moh og eit areal på 220 km². Øya vart kartlagd av professor Erich von Drygalski frå Den første tyske antarktisekspedisjonen (1901-1903) i 1902. Drygalski Island vart observert frå kysten av Antarktis i november 1912 av medlemmar i den vestlege arbeidsgruppa under Australian Antarctic Expedition (1911-1914), og observert nærare frå skipet til Douglas Mawson, «Aurora», på heimreisa i januar 1914, og vart namngjeven av Mawson etter den tyske oppdagaren.
Sjå òg Composite Antarctic Gazetteer Antarktiske og subantarktiske øyar Antarktiske øyar sør for 60 °S SCAR kravområde i Antarktis
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Drygalski Island» frå , den 16. november 2012.
Kategori:Øyar i Queen Mary Land