Aquitaine (oksitansk Aquitània, baskisk Akitania) er ein tidlegare fransk region som låg sørvest i Frankrike. Han hadde grense til Spania over Pyreneane og kyst mot Atlanterhavet. I 2016 blei han del av den nye regionen Nouvelle-Aquitaine.
mini|venstre|Landskap i Pyrénées-Atlantiques i Aquitaine. Geografi Aquitaine dekkjer eit areal på 41 308 km², 7,6 % av det totale arealet til Frankrike. Han grensar til Spania i sør, til Midi-Pyrénées i aust, til Poitou-Charentes og Limousin i nord og til Biscayabukta og Atlanterhavet i vest.
Av større byar i Aquitaine finn ein Bordeaux, Pau, Bayonne, Mont-de-Marsan, Biarritz, Bergerac og Périgueux.
Av geografiske kjennemerke finn ein: Côte d'Argent, ei av dei mest kjende kyststripene i Frankrike Bassin d'Arcachon, ein stor lagune som er kjend for dyrkinga av østers. Elvemunningen Gironde som vert danna av elvene Garonne og Dordogne. Den sørlege delen av regionen inneheld delar av Pyreneane Dune de Pilat, nær Arcachon er den største sanddyna i Europa.
Byar Agen Anglet Bayonne Bergerac Biarritz Bordeaux Mérignac Mont-de-Marsan Pau Périgueux Pessac Saint-Médard-en-Jalles Talence Villenave-d'Ornon
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tidlegare provinsar i Frankrike Kategori:Tidlegare regionar i Frankrike