Brutus Island er ei lita øy som ligg nær midten av Prince Olav Harbour på nordkysten av Sør-Georgia. Det skildrande namnet Saddle Island vart først gjeve denne øya, truleg av ein britisk ekspedisjon under Ernest Shackleton i 1921–22. Dette namnet var alt i bruk andre stader i Antarktis, så for å unngå forveksling fekk ho nytt namn etter holken «Brutus», som vart taua med kol frå Sør-Afrika og som i mange år låg fortøydd ved kvalstasjonen i Prince Olav Harbour. Namnet vart foreslått av sir Harold Salvesen.

Sjå òg Antarktiske og subantarktiske øyar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Brutus Island» frå , den 13. november 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Øyar i Sør-Georgia