Karl Seglem () er ein norsk musikar (saksofon og bukkehorn), komponist og plateprodusent. Seglem er kjend frå ei rekkje innspelingar med jazz og folkemusikk i kombinasjon og som leiar av sitt eige plateselskap, NORCD, sidan 1991.

Seglem vart utdanna ved musikklinja på Voss folkehøgskule (1978–80), før han i Bergen samarbeida med Arvid Genius, Jan Grieg kvartett, Kenneth Sivertsen (1980–92) og Knut Kristiansen på 1980-talet. Han leia og sitt eige orkester «Growl», skreiv for Jazznytt og var politisk aktiv i Foreningen norske jazzmusikere.

Som soloartist har han gjeve ut åtte album. Det lange samarbeidet hans med perkusjonist Terje Isungset har hatt form av duoen Isglem og trioen Utla der også hardingfelespelar Håkon Høgemo bidreg. Båe har resultert i fleire utgjevingar på eige selskap. Med poeten Jon Fosse har han to utgjevingar. Seglem har turnert omfattande for Rikskonsertene og Den norske jazzscene.

Diskografi Soloalbum Waves (2015) Live in Germany (2015) WorldJazz (2015) Lærad (The tree) (2015) Som spor (2014) NyeSongar.no (2013) Ossicles (2010) NORSKjazz.no (2009) Skoddeheimen (2009) Draumkvedet (2009) (med Berit Opheim Versto) Urbs (2007) Dikt (2006) (med Jon Fosse) Reik (2005) Femstein (2004) New north (2004) Nye nord (2002) Spir (1998) Struggle for life (1998) (filmmusikk Norsk Villakssenter) Tya (1997) (med Reidar Skår) Prosa (1996) (med Jon Fosse) Rit (1994) Sogn-a-Song (1991) Poems for trio (1988)

Bibliografi Bøker

I bøker

I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane Artikkelen Om naturlyd, scenelyd - og audmjuk undring i Koreografi ute (2009) (Teater & eftf.)

Prisar, utmerkingar og stipend (utval) 2012 - NOPA sin musikkpris for tingingsverket Som spor 2012 - Årets Årdøl 2012 - Egil Storbekkens musikkpris 2012 - Statens kunstnarstipend (1 år) 2010 – Buddyprisen (norsk jazz høgaste utmerking) 2010 - Komponistenes Vederlagsfond fordjupingstipend (2010 - 2011) 2010 - Statens kunstnarstupend (1 år) 2010 – Folkelarmprisen for Ossicles 2004 - Statens kunstarstipend (1 år) 1998 – Edvard-prisen i klassen populærmusikk – større verk, saman med Reidar Skår for Tya 1998 – Gammleng-prisen i open klasse 1983 – Årdal Kommunes Kulturpris

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Karl Seglem» frå , den 8. november 2012.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Om Karl Seglem på Nordcd Music Norway (22.11.2018) Om Karl Seglem i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kategori:Norske jazzsaksofonistar Kategori:Forfattarar frå Årdal Kategori:Folk frå Årdal Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske lyrikarar