Steve Locher () er ein sveitsisk tidlegare skirennar frå Salins. Han kom på bronseplass i den alpine kombinasjonen under vinter-OL 1992 og i storslalåm-tevlinga under alpin-VM 1999. Locher var ein teknisk dyktig alpinist, som også beherska stor fart, dermed passa storslalåm og den alpine kombinasjonen han best.
Aktiv Locher kom med på det sveitsiske alpinlandslaget i 1985. Fyrst i slutten av januar månad 1990 vart han lagt merke til, men då gjekk han overraskande heilt til topps i eit verdscuprenn i Val-d'Isère. Med tre hundredels margin til andremann vann han sin fyrste og einaste siger i super-G-øvinga. Beste prestasjonen i 1991 var femteplassen i kombinasjonsøvinga under alpin-VM i Saalbach-Hinterglemm. Året etter erobra han bronsemedaljen i same øvinga under vinter-OL i Albertville.
Frå 1993/94-sesongen var Locher ein av dei beste storslalåm-rennarane i verda. 19. desember 1993 vann han sin fyrste siger i øvinga i verdscupen, då han i Alta Badia slo toaren Alberto Tomba frå Italia med over eitt sekund. Sin andre verdscupsiger i øvinga, og hans tredje og siste i verdscupen, kom i opningsrennet for verdscupen 1996/97. Rennet gjekk av stabelen i Sölden i Austerrike i slutten av oktober 1996: Her viste Locher landsmannen Michael von Grünigen og nordmannen Kjetil Andre Aamodt til andre- og tredjeplass på pallen.
1999-sesongen vart Locher sin siste sesong i verdseliten. Han fekk bronsemedaljen i storslalåm under verdsmeisterskapen i Vail, men var langt bak verdsmeisteren Lasse Kjus frå Noreg og sølvmannen Marco Büchel frå Liechtenstein. På tampen av sesongen kleiv han opp på pallen i verdscupen for siste gong, etter han vart nummer to i eit storslalåmrenn i spanske Sierra Nevada, sju hundredels sekund bak landsmanen Grünigen.
Locher la opp i 2002.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap 1991: Nr 5 i kombinasjonen og nr 6 i super-G under VM i alpint i Saalbach-Hinterglemm 1992: Bronsemedalje i den alpine kombinasjonen under vinter-OL i Albertville 1993: Nr 5 i kombinasjonen og nr 8 i storslalåm under VM i alpint i Morioka 1996: Nr 5 i storslalåm under VM i alpint i Sierra Nevada 1997: Nr 4 i storslalåm under VM i alpint i Sestriere 1998: Nr 6 i storslalåm og nr 14 i super-G under vinter-OL i Nagano 1999: Bronsemedalje i storslalåm og nr 7 i super-G under VM i alpint i Vail
Verdscupsigrar Dato Stad Land Øving 29. januar 1990 Val-d'Isère Super-G 19. desember 1999 Alta Badia Storslalåm 27. oktober 1996 Sölden Storslalåm
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Steve Locher» frå , den 7. november 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Sveitsiske alpinistar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sveits Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1992 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1994 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1998