Dee Island er ei isfri øy som ligg mellom Greenwich Island og Aitcho Islands i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Mellom denne øya og Greenwich Island i sør ligg den 850 meter breie Orión Passage, og sundet i nordaust med Aitcho Islands på andre sida er det 1,1 km breie Villalón Passage. Ho er 1900 meter lang og 1370 meter brei, med den høge toppen Burro Peaks () i søraust med ei høgd på 190 meter over havet og eit overflateareal på 197 hektar.L.L. Ivanov. Antarctic: Livingston Island and Greenwich, Robert, Snow and Smith Islands. Scale 1:120000 topographic map. Troyan: Manfred Wörner Foundation, 2009. ISBN 978-954-92032-6-4 Dei vesle øyane Montufar Island () og Araguez Island () ligg høvesvis 200 og 650 meter aust for Dee Island. Området vart vitja av selfangarar tidleg på 1800-talet.
mini|venstre|Topografisk kart over Livingston, Greenwich, Robert, Snow og Smith-øyane.
Dee Island vart kartlagd og namngjeven, truleg etter forma si, av Discovery Investigations i 1935, medan Montufar Island er kalla opp etter eit medlem av den andre ecuadorianske antarktisekspedisjonen som vart utsett for ei ulukke under bygginga av Pedro Vicente Maldonado Base.
Øya ligg 3,9 km aust for Ongley Island, 850 meter søraust for Sierra Island, 1,1 km sørvest for Barrientos Island, 2,07 km vest-sørvest for Cecilia Island og 3,02 km nordvest for Spark Point.
Sjå òg Aitcho Islands Composite Gazetteer of Antarctica Greenwich Island SCAR Kravområde i Antarktis
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dee Island» frå , den 5. november 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff SCAR Composite Antarctic Gazetteer.
Kategori:Øyar i Sør-Shetlandsøyane