mini|Laget til Scott på Sørpolen, 18. januar 1912. Frå venstre: Wilson, Scott, Oates, Bowers, Edgar Evans. Terra Nova-ekspedisjonen (1910–1913), offisielt British Antarctic Expedition 1910, var ein britisk ekspedisjon leia av Robert Falcon Scott. Ifølge han var hovudmålet å ta seg til Sørpolen for å sikre at det britiske imperiet fekk æra for prestasjonen.Crane, s. 397 Scott og fire følgjesveinar nådde Sørpolen 17. januar 1912, men oppdaga at at dei hadde tapt «Kappløpet mot Sørpolen» for ekspedisjonen leia av Roald Amundsen, som hadde vore der trettitre dagar tidlegare. På ferda tilbake til Cape Evans-basen omkom Scott og laget hans. Dagbøkene deira vart funne under eit søk etter sørpolgruppa åtte månader seinare, og dermed vart ekspedisjonen si historie kjend.
På denne tida var Scott den mest erfarne leiaren av polarekspedisjonar i Storbritannia, og hadde leia Discovery-ekspedisjonen til Antarktis i 1901–04. Terra Nova-ekspedisjonen, oppkalla etter forsyningsskipet til ekspedisjonen, var eit privat initiativ finansiert med innsamla midlar og eit mindre statleg tilskot. Vidare hadde han støtte frå den britiske marinen som bidrog med erfarne sjøfolk, og frå Royal Geographical Society. I tillegg til målsetjinga om å nå Sørpolen, gjennomførte Scott òg eit omfattande vitskapeleg program, og utforska Victoria Land og Dei transantarktiske fjella. Eit forsøk på å ta seg i land for å utforske King Edward VII Land mislukkast derimot. Ei gruppe reiste òg til Cape Crozier i juni og juli 1911 midt under den strenge antarktiske vinteren.
Scott sin heltestatus i Storbritannia var utan konkurranse i mange år etter han døydde, og det vart reist få spørsmål om årsakene til ulukka. Den siste fjerdedelen av 1900-talet vart ekspedisjonen granska nærmare, til dømes har Scott si dagbok fått stor merksemd fordi den detaljerte framstillinga kastar lys over hendingane rundt tragedien. Det er kome frem fleire kritiske synspunkt om årsakene til utfallet, og det vert framleis diskutert i kva grad Scott hadde skuld i det som skjedde.
Førebuingar
Bakgrunn
Etter Discovery-ekspedisjonen tok Scott opp att den sjømilitære karrieren sin. Men han hadde framleis ambisjonar om å vende tilbake til Antarktis, og då med erobringa av Sørpolen som overordna mål.Crane, s. 332, s. 335–43 Discovery-ekspedisjonen leverte eit betydeleg bidrag til kunnskapen om Antarktis, men ein kom ikkje lenger sør enn S og kryssa ikkje Rossbarrieren.Huntford, s. 176–177 vart akseptert på den tida, men moderne kart og ei ny undersøking av fotografi og teikningar kan tyde på at dei ikkje kom lengre enn til ca. . Crane, s. 214–215 Discovery-ekspedisjon sin base låg i McMurdo-sundet, og Scott var overtydd om at dette var hans eige «revir» som han aleine hadde rett til å bruke som utgangspunkt for nye ekspedisjonar.Crane, s. 335–36. I 1909 tok han i mot meldinga om at ein ekspedisjon leia av Ernest Shackleton nesten hadde lukkast i å nå Sørpolen. Med utgangspunkt i Scott sin gamle base kryssa Shackleton Rossbarrieren, oppdaga ruta over Beardmorebreen til Antarktisplatået, og heldt fram mot Sørpolen. Han vart tvungen til å gjere vendereis på S, mindre enn 180 km frå polpunktet.Preston, s. 100–101 Scott likte dårleg at Shackleton hadde brukt «hans» base.Riffenburgh, s. 110–16 Dette forsura forholdet mellom dei to, og auka motivasjonen til Scott til å overgå Shackleton.Huxley, s. 179
Under førebuingane til den føreståande ekspedisjonen var Scott klar over at andre liknande ekspedisjonar vart planlagt. Ein japansk ekspedisjon var i emning;Crane, s. 430 Den australasiatiske antarktisekspedisjonen under Douglas Mawson skulle starte i 1911, men hadde startstad frå ein annan sektor av kontinentet.Huxley, s. 186–187 I mellomtida hadde Roald Amundsen, ein potensiell rival, kunngjort planar om ei arktisk reise.Amundsen endra i all løyndom planane sine på eit tidspunkt då alle trudde Frederick Cook hadde erobra nordpolenFiennes, s. 157Crane, s. 425
Mannskap
mini|Kaptein Scott, leiar av ekspedisjonen.
Sekstifem menn (inkludert reservar) danna mannskapet i Terra Nova-ekspedisjonen.Oppført i Huxley L. (red.), vol. I, s. XXI–XXII Dei vart valde ut frå 8 000 kandidatar,Huxley L. (ed.), vol. II, s. 498 og inkluderte seks tidlegare deltakarar frå Discovery-ekspedisjonen saman med fem som hadde vore med Shackleton på Nimrod-ekspedisjonen 1907–09.Discovery-veteranane var Scott, Wilson, Edgar Evans, Lashly, Crean og Wiliamson. Nimrod-veteranane var Priestley, Dag, Cheetham, Paton og Williams (liste over Shackletons Nimrod-mannskap, s. 17–18) Løytnant Edward Evans, som hadde vore navigasjonsoffiser på «Morning» under støtteoperasjonen til Discovery i 1904, vart utnemnd til Scott sin nestkommanderande. Han hadde skrinlagt planane om sin egen ekspedisjon, og overførte den økonomiske støtta si til Scott.Crane, s. 401–403
Av personellet frå den britiske marinen var løytnant Harry Pennell, som skulle vere navigatør og ta kommandoen på skipet når mannskapet til Scott hadde gått i land,Crane , s. 413–16 i tillegg til dei to sanitetsløytnantane George Murray Levick og Edward L. Atkinson. Den tidlegare marineoffiseren Victor Campbell, kjend som «The Wicked Mate», var ein av få deltakarar som var dugande på ski, og han vart vald til å leie gruppa som skulle undersøke Kong Edward VII Land.Huntford, s. 267Preston, s. 111 I motsetnad til Discovery-ekspedisjonen var bidraget til marinen primært mannskap utan offisersgrad, inkludert Antarktis-veteranane Edgar Evans, Tom Crean og William Lashly. To offiserar utanfor Royal Navy vart valde ut: Henry Bowers, kjend som «Birdie», ein løytnant frå den indiske marinen, og Lawrence Oates, kjend som «Titus», ein kaptein frå 6. kavaleriregiment. Den velhaldne Oates tilbydde tenestene sine gratis og donerte òg (2009-verdi ca. ) til ekspedisjonen.Limb & Cordingley, s. 94
Som leiar for det vitskapelege programmet oppnemnde Scott Edward Wilson som sjefsforskar. Wilson var Scotts nærmaste fortrulege i laget; under Discovery-ekspedisjonen hadde han følgt Scott til ekspedisjonen sitt sørlegaste punkt. Han var ikkje berre ein dugande zoolog, men òg ein talentfull illustratør. Den gruppa vitskapsmenn han leia var – ifølge Scotts biograf David Crane – «den mest imponerande gruppa forskarar som hadde vore på ein polarekspedisjon» – og inkluderte fleire som seinare skulle hauste stor respekt som forskarar: meteorologen George Simpson, den canadiske fysikaren Charles Wright, og geologane Frank Debenham og Raymond Priestley.Preston, s. 112 Den leiande geologen Thomas Griffith Taylor, biologen Edward W. Nelson og assisterande zoolog Apsley Cherry-Garrard utfylte laget.
Cherry-Garrard hadde ingen vitskapeleg trening, men var Wilsons protesjé. Han hadde, som Oates, medverka med til finansieringa. Etter først å ha vorte avvist av Scott, opprettheldt han bidraget sitt, noko som imponerte Scott tilstrekkeleg til at han omgjorde avgjersla si. Scotts biograf David Crane skildrar Cherry-Garrard som «den framtidige fortolkaren, historikaren og samvitet til ekspedisjonen.»"the future interpreter, historian and conscience of the expedition.", Crane, s. 417 Herbert Ponting var fotograf, og bilete hans kom til å gje avgjerande informasjon om ekspedisjonen og det tragiske utfallet.Preston. p. 114 Etter råd frå Fridtjof Nansen rekrutterte Scott òg den unge norske skieksperten Tryggve Gran.Huntford, s. 262–264
Transportmidlar
Scott avgjorde å ha ein oppdelt transportstrategi, med bidrag frå hundespann, motordrivne sledar og ponniar.Crane, s. 432Preston, s. 101 Han utnemnde Cecil Meares til å overta ansvaret for hundespanna, og rekrutterte Shackletons motorspesialist, Bernard Day, til å føre motorsledane.Preston, s. 112–113 Oates skulle ha ansvaret for ponniane, men sidan han ikkje kunne slutte seg til ekspedisjonen før i mai 1910, sette Scott Meares til å skaffe dei. Meares hadde derimot ingen erfaring med hestar, noko som resulterte i ponniar av låg kvalitet og yteevne.Preston, s. 113 og s. 217
Ekspedisjonen til Shackleton 1907–09 var den første som tok i bruk motorkraft og ponniar i Antarktis.Huntford, s. 255Preston, s. 89 Scott meinte at ponniene hadde vore til god nytte for Shackleton, og var imponert over potensialet til motorsledane. Likevel baserte Scott seg på at ekspedisjonsdeltakarane skulle trekke utstyretSolomon, s. 22 etter at motorsledane og ponniene hadde trekt sledane over Rossbarrieren og dermed spart mennene for krefter til dei seinare etappane opp Beardmorebreen og over Antarktisplatået. I praksis fekk dei berre ei kortvarig glede av motorsledane, og alderen og den dårlege forfatninga til ponniane gjorde at heller ikkje dei var til særleg nytte.Crane, s. 462–464 Erfaringane til Scott frå Discovery-ekspedisjonen hadde gjort han skeptisk til om hundespanna var til å lite på,Preston, s. 50 men han skreiv at han innsåg at dei var særs effektive i dei rette hendene.Huxley L. (red.), vol. I, s. 432 Etterkvart som ekspedisjonen gjekk framover vart han stadig meir imponert over eigenskapane deira.I dei første stadia av ekspedisjonen uttrykte Scott at han var i ferd med å miste tiltrua til bruk av hundar (Huxley L. (red.), vol. I, s. 205), men i dagboka si frå slutten av ekspedisjonen skildrar han effektiviteten til hundane som glimrande («splendid») (Huxley L. (red.), vol. I, s. 486
Finansiering
mini|OXO var ein av mange kommersielle sponsorane av ekspedisjonen. I motsetnad til Discovery-ekspedisjonen, der finansiering vart ordna i fellesskap av Royal Society og Royal Geographical Society, vart Terra Nova-ekspedisjonen organisert som eit privat initiativ utan særleg institusjonell støtte. Scott rekna totalkostnaden til (3 millionar pund etter 2009-kurs), der halvparten av dette etter kvart vart dekt av eit statleg tilskot.Crane, s. 401 Resten vart skaffa ved private donasjonar og lån.Den totale kostnaden for ekspedisjonen var ikkje publisert. Eit av dei siste breva til Scotts var til sir Edgar Speyer, kasseraren i ekspedisjonen, der Scott beklagar å ha forlate finansane i «eit rot». Huxley, L. (red.), vol. I, s. 600 Ekspedisjonen fekk i tillegg støtte gjennom gratis materiell og hjelpemidlar frå kommersielle firma.Se Huxley, L. (red.), vol. II, s. 488–489 Pengeinnsamlinga vart i hovudsak organisert av Scott, noko han fortsette med i Sør-Afrika, Australia og New Zealand etter at «Terra Nova» hadde segla frå britisk farvatn, og det tok ein stor del av tida og energien hans.Huxley E., s. 183, s. 192–193
Den desidert største kostnaden var kjøpet av skipet «Terra Nova» for . Skipet hadde vore i Antarktis tidlegare, som støttefartøy for Discovery-ekspedisjonen.Crane, s. 277 Scott ønska å segle henne som eit marinefartøy under White Ensign, og for å sikre dette hadde han skaffa seg medlemskap i Royal Yacht Squadron. Han var såleis i stand til å handheve militær disiplin på ekspedisjonen, og som registrert skvadronsyacht var ikkje «Terra Nova» forplikta til å følgje forskriftene i Board of Trade, noko som elles kunne ha gjeve henne seglingsforbod.Crane, s. 406
Mål I den første offentlege appellen sin erklærte Scott: «Hovudmålet med ekspedisjonen er å nå Sørpolen, og dermed sikre at æra for denne prestasjonen går til det britiske imperiet.»"The main objective of this expedition is to reach the South Pole, and to secure for The British Empire the honour of this achievement."
Det fanst òg naturvitskapelege og geografiske mål – sjefsforskar Wilson framstilte det vitskapelege arbeidet som hovudmålet til ekspedisjonen: «Ingen skal seinare kunne sei at dette berre var ei poljakt. Me vil at erobringa av Sørpolen berre skal vere eitt av fleire vitskapelege resultat.»Edward Wilsons brev sitert av Crane, s. 398: No one can say that it will have only been a Pole-hunt ... We want the scientific work to make the bagging of the Pole merely an item in the results.