Faradaykonstanten er mengda elektrisk ladning per mol elektron. Den noverande aksepterte verdien av konstanten er
F = 96,485.3365(21) C/mol
Konstanten F har eit enkelt tilhøve til to andre fysiske konstantar:
der: e = 1,6021766×10−19 C NA = 6,022141×1023 mol−1 NA er Avogadrokonstanten (forholdet mellom talet på partiklar 'N' til mengda av stoffet 'n' i mol), og e som er elementærladninga eller storleiken på ladninga til eit elektron. Dette forholdet gjeld fordi mengda av ladning av 1 mol elektron er lik mengda av ladninga til eitt elektron multiplisert med talet på elektron i éin mol.
Verdien av F vart først avgjort ved å vege forholdet av sølv avsett i ein elektrokjemisk reaksjon som vart utsett for ein målt straum ove ei målt tid, og ved hjelp av Faradays elektrolyselov.NIST Introduction to physical constants Vitskapsfolk held framleis på leite etter meir nøyaktige måtar å avgjere forholda mellom F, NA og e.
Konstanten var tidlegare nytta som måleininga faraday som eininga for elektrisk ladning.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Faraday constant» frå , den 3. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Elektrokjemi Kategori:Fysiske konstantar Kategori:Måleiningar for elektrisk ladning Kategori:Måleiningar for stoffmengd Konstant