Internet Explorer (IE) var ein nettlesar utvikla av Microsoft Corporation. Han vart seld som ein del av operativsystemet Windows. IE vart levert som ein integrert del av Windows, noko som førte til rettslege tvistar om konkurransevriding. IE er i dag utdatert, men på grunn av at han er installert på eldre versjonar av Windows har han framleis rundt 2,15 % av marknaden (2023).

Internet Explorer er bygd på Spyglass, Inc. sin Mosaic-nettlesar som Microsoft lisensierte i 1995 for å konkurrere med Netscape i det som blei kalla «the browser wars». Avtalen var at Spyglass skulle få ein fast sum fire gonger i året i tillegg til ein avtalt prosent av Microsofts inntekter på nettlesaren. Sidan Microsoft gav ut nettlesaren gratis slapp dei med å betale minimumsbeløpet. Ein tvist i rettssalen mellom Spyglass og Microsoft i 1997 enda med eit forlik på 8 millionar US-dolllar til Spyglass.

Internet Explorer har nynorsk grensesnitt frå og med versjon 7. Språkpakka kan lastast ned gratis frå Microsoft for dei som har ekte windowslisensar.

Kompabilitet med standardar Internet Explorer fyljer ikkje heilt W3C-standardane,Internet Explorer vs. the StandardsBrowser Support for CSS, InformIT noko som har ført til problem både for brukarar og nettstadutviklarar.Festa, P., Microsoft admits IE7 will fail standards test , Builder.au, 2/8-2005. Dette på trass av at Microsoft er med på å vedta W3C-standardane.HTML Working Group Charter, W3C.

Sikkerheit Internet Explorer har lenge vore plaga med dårleg sikkerheit.Broersma, M., Another huge security breach makes Explorer a liability, TechWorld, 30/6-2004.McCarthy, K., New Explorer hole could be devastating, InfoWorld, 28/1-2004. Ei av dei største svakheitene er bruken av ActiveX, som tillet ein vondsinna nettstad å køyra eit program på maskina til den som vitjar nettsataden.Luening, E., IE security hole could put surfers at risk, Cnet News, 25/8-1999.Engelking , E., ActiveX control hole in Internet Explorer, TechRepublick, 7/7-2000. I september 2013 vart det oppdata ei kritisk sårbarheit i Internet Explorer som gjer at andre kan ta over datamaskina.Anbefaler alle å bytte nettleser, nrk.no, 18/9-2013. Dette er svært problematisk, etter som dei då kan spionera på brukaren, lasta ned alle dokumenta som ligg på maskina, nytta ho til å senda ut søppelpost og så vidare. Dei mange tryggleiksproblema har ført til at mage har gått over til andre nettlesarar.Chokshi,, N., Why Is Europe Abandoning Internet Explorer? , Why Is Europe Abandoning Internet Explorer?, 19/1-2010Browser wars revisited , Royal Pingdom, 21/3-2013.

Versjonar thumb|right|Internet Explorer brukarmasse/marknadsandel i prosent 1995-2024. Utgjevingsdato Hovudversjon UnderversjonarAugust 1995 1 IngenNovember 1995 2 2.0 og 2.0B1August 1996 3 3.0A1, 3.0B1, 3.0B2, 3.0 og 3.01Oktober 1997 4 4.0B1, 4.0B2, 4.0 og 4.01Mars 1999 5 5.0B1, 5.0B2, 5.0, 5.5B1 og 5.5Oktober 2001 6 6.0B1, 6.0, 6.0SP1 og 6.0SP218. oktober 2006 7 7.0Mars 2009 8 Internet Explorer 8 lansert, tidlegare 8.0B1, 8.0B214. mars 2011 9 Internet Explorer 9 lansert

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Internet Explorer» frå , den 14. august 2005.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Nettlesarar Kategori:Microsoft Kategori:Windows-program