Brede Paulsen Hangeland () er ein norsk fotballspelar, fødd i Houston i Texas i USA og oppvaksen i Stavanger. Sidan sommaren 2014 spela han for den engelske fotballklubben Crystal Palace FC, i tida 2008-14 spelte han for Fulham FC. Frå 2002 til 2014 spelte han 91 landskampar for Noreg, var kaptein for fotballandslaget frå august 2008. Hangeland spelar på midtstopparplass, men har også vore defensiv midtbanespelar.

Aktiv Hangeland spelte frå 1998 for FK Vidar, ein klubb som deltok på nivå 3 i Noreg. I 2001 gjekk han over til toppserieklubben Viking, der han same sesongen var med å vinne cupfinalen. November 2002 debuterte han på det norske landslaget i ein kamp mot Austerrike som enda med norsk siger 1-0.

I januar 2006 teikna Hangeland kontrakt med den danske klubben FC København. Her spelte han i to år, klubben vann den danske seriemeisterskapen 2006/07. Januar 2008 vart han overført til London-klubben Fulham, der han var med på å berge plassen til klubben i toppdivisjonen. Gjennom sesongen 2009/10 spelte Fulham seg heilt fram til finalen i Europaligaen, der det etter ekstraomgangar enda med tap 1-2 mot Atletico Madrid frå Spania. Etter at Fulham rykte ned frå toppdivisjonen våren 2014, vart Hangeland fristilt av klubben. Om sommaren teikna han kontrakt med Premier League-klubben Crystal Palace, også denne heimehøyrande i London.

Merittar Dansk seriemeister 2007 med FC København Norsk cupmeister 2001 med Viking Fotballklubb Sølv i Europaligaen 2010 med Fulham FC

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Brede Hangeland» frå , den 25. september 2012.

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Folk frå Stavanger Kategori:Fulham-spelarar Kategori:Viking-spelarar Kategori:FC København-spelarar Kategori:Vidar-spelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Crystal Palace-spelarar