Ivar Asheim () er ein norsk doctor theologiae og tidlegare (1970–94) professor i religionspedagogikk og etikk ved Menighetsfakultetet. Han bur i dag på Hosle i Bærum kommune.

Asheim voks opp på Valdres folkehøgskule der faren var rektor, og tok artium ved Voss landsgymnas. Han vart cand.theol. 1952 og dr.theol. 1961 med avhandlinga Glaube und Erziehung bei Luther – om forholdet mellom pedagogikken og teologien i Martin Luthers verk. Han vart tilsett som dosent ved MF frå 1963, var leiar av teologisk avdeling i Det lutherske verdensforbund 1965-70, deretter professor ved MF: fyrst i religionspedagogikk 1970-79, deretter i etikk 1979-94. Seniorforskar ved Norges forskningsråd 1994-97. Asheim var den fyrste i Norden til å undervisa i religionspedagogikk. han var den fyrste formannen i Den norske kirkes lærenemnd 1987-91.

Medlem av Vitenskapsakademiet sidan 1980 og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab sidan 1995.

Bibliografi Religionspedagogikk. En innføring (1976) Religionspedagogikk. Tolkning, undervisning, oppdragelse (1987) Øyet og horisonten. Grunnproblemer i aktuell etikkdebatt (1991) Mer enn normer. Grunnlagsetikk (1994) Hva betyr holdninger? Studier i dydsetikk (1997)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ivar Asheim» frå , den 21. september 2012.

Kategori:Norske teologiprofessorar Kategori:Professorar ved Menighetsfakultetet Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Kategori:Folk frå Nord-Aurdal Kategori:Folk frå Bærum