Kovel (ukrainsk og russisk Ковель, Kovel, polsk: Kowel, hebraisk: כהואל) er ein by i Volyn oblast (provins), nordvest i Ukraina. Han er det administrative senteret i Kovelskyj rajon (distrikt), medan byen sjølv er eit eige rajon i oblastetByen har kring 65 000 innbyggjarar. Kovel har gjeve namn til ein av dei eldste runeinskripsjonane ein kjenner til, men denne vart tapt under andre verdskrigen.

Historie mini|venstre|Kovel, Vokzalnagata, Den andre polske republikken ca. 1918.Photograph from the Boris Feldblyum Collection Kovel (Kowel) vart først nemnd i 1310. Han fekk byrettar frå den polske kongen Zygmunt Stary i 1518. I 1547 vart Bona Sforza, den polske dronninga, eigaren av Kowel.

Etter delingane av Polen fall byen til Det russiske imperiet for over hundre år. Under første verdskrigen var byen åstad for slaget ved Kovel mellom Sentralmaktene og Det russiske imperiet. I mellomkrigstida var Kovel senter for Kovel fylke i Volhyn voivodskap i Den polske republikken. I andre verdskrigen, etter den tyske invasjonen i Polen og den påfølgjande operasjon Barbarossa vart 18 000 jødar i Kovel myrda av tyskarane, hovudsakleg i august og september 1942. Seinare, i mars og april 1944, var det harde kampar mellom tyskarane og den raude armeen. I 1945 vart området ein del av Den ukrainske sovjetiske sosialistrepublikken. Han har vore ein del av det sjølvstendige Ukraina sidan 1991.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kovel» frå , den 18. september 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Byar i Volyn oblast Kategori:Busetnader grunnlagde på 1200-talet Kategori:Shtetlar