«Mother Goose» er ein song av det britiske rockebandet Jethro Tull. Det er den fjerde songen på albumet Aqualung som kom ut i 1971. Teksten er ein pastisj av surrealistiske figurar basert på bilete som Ian Anderson såg då han vandra rundt i Hampstead Heath. Songen er hovudsakleg akustisk som «Cheap Day Return» og «Slipstream» frå same album. Songen vart òg gjeven ut på The Best of Jethro Tull - The Anniversary Collection og vart framført i lag med heile Aqualung den 23. november 2004 i XM Studios og gjeve ut på albumet Aqualung Live.

Medverkande Ian Anderson: akustisk gitar, perkusjon, vokal, korvokal Martin Barre: akustisk rytmegitar, perkusjon Jeffrey Hammond: altblokkfløyte, korvokal Clive Bunker: perkusjon John Evan: Mellotron

Mellotronen vart erstatta med trekkspel på Aqualung Live, spelt av Andrew Giddings.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mother Goose (song)» frå , den 17. september 2012.

Kategori:Jethro Tull-songar Kategori:Songar frå 1971 Kategori:Songar skrivne av Ian Anderson