Khrustalnyj eller Krasnyj Lutsj er ein by i Luhansk oblast (provins) søraust i Ukraina. Byen har kring 90 000 innbyggjarar (2005).http://www.britannica.com/EBchecked/topic/323303/Krasnyy-Luch Sidan 2014 har byen vore kontrollert av den såkalla folkerepublikken Luhansk.
Historie Byen vart grunnlagd som KrindatsjovkaKrasny Luch, also spelled Krasnyi Luch // The New Encyclopedia Britannica. 15th edition. Micropaedia. Vol.7. Chicago, 1994. page 1 på slutten av 1800-taletКрасный Луч // Большая Российская Энциклопедия / редколл., гл. ред. Ю. С. Осипов. том 15. М., научное издательство "Большая Российская Энциклопедия", 2010. стр.647Красный Луч // Большой энциклопедический словарь (в 2-х тт.). / редколл., гл. ред. А. М. Прохоров. том 1. М., "Советская энциклопедия", 1991. стр.648 og fekk namnet Krasnyj Lutsj ('raud bjelke') i desember 1920. Han fekk bystatus i 1926. Byen vart eit viktig senter for kolgruvedrift i Donetsbekkenet.
Byen var under tysk okkupasjon frå juni 1942 til september 1943. Jødar som budde her og andre offer, som kommunistar, blei drepne og kasta ned i Bogdan kolgruve. Totalt blei rundt 2 000 menneske drepne.
I januar 1965 hadde byen eit folketal på 101 000.В. П. Коленский. Красный Луч: путеводитель. Донецк, "Донбасс", 1966. стр.4 I januar 1989 var folketalet 113 278.Всесоюзная перепись населения 1989 г. Численность городского населения союзных республик, их территориальных единиц, городских поселений и городских районов по полу Byen haddde ei viktig rolle i kolgruvedrift, med fleire industrianlegg og ein jernbanestasjon.
I januar 2013 var folketalet i byen 82 765.
Sidan våren 2014 har byen vore kontrollert av den sjølverklærte Folkerepublikken Luhansk.
Under avkommuniseringslovar vedtekne i Ukrain blei byen omdøypt til Khrustalnyj av det ukrainske parlamentet den 12. mai 2016.Goodbye, Lenin: Ukraine moves to ban communist symbols, BBC News (14. april 2015)http://en.interfax.com.ua/news/general/342825.html Omnemninga fekk ikkje praktisk tyding, ettersom byen ikkje var under ukrainsk kontroll.
Folketsetnad Ved folketeljinga i 2001 var innbyggjarane fordelt på følgjande folkegrupper:
Ethnicity Ukrainarar: 49,2 % Russarar: 46,1 % Kviterussarar: 1,1 %
Språk Russisk: 87,8 % Ukrainsk: 10,4 % Armensk: 0,2 % Kviterussisk: 0,1 %
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Krasnyi Luch» frå , den 16. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Byar i Luhansk oblast Kategori:Busetnader grunnlagde i 1895