Storetveit kyrkje er ei langkyrkje frå 1930 som ligg på Storetveit i Fana bydel i Bergen. Kyrkja er soknekyrkje for Storetveit kyrkjelyd i Fana prosti.Nettsida til kyrkjelyden
Tomta vart gjeven til kyrkja av eigaren av Storetveit gard, Wilhelm Mohr sr.. Byggjeprosessen vart finansiert av Odfjell-familien, og etter å ha vunne ei arkitekttevling om utforming av kyrkjebygget, vart arkitekten Ole Landmark. Kyrkja er i nygotisk stil, kledd i gråstein og kleberstein utvendig og tegelstein innvendig.Arkitekturvandring i Bergen Kyrkja er dekorert med fire store biletteppe, og inventaret er dels frå 1881, dels frå 1931.
Storetveit kyrkje vart vigsla den 30. november 1930 og Ole Landmark fekk Houens fonds diplom for kyrkja i 1932.
thumb|200px|left|Eit tre i bløming framfor kyrkja. Foto: Sven Harkestad, 2007.
Kjelder
Disnorge.no: Kirker i Hordaland fylke Bokmålswikipedia om Storetveit kirke og Houens fonds diplom.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske kyrkjer frå 1930 Kategori:Kyrkjer i Fana prosti Kategori:Fana Kategori:Houens fonds diplom Kategori:Kulturminne i Bergen Kategori:Kyrkjer i Bergen