Clive William Bunker () er ein engelsk trommeslagar. Han var den første trommeslagaren i det britiske rockebandet Jethro Tull.
Bunker spelte først i bandet The Warriors i 1960-åra. Med Mick Abrahams danna han seinare bandet McGregor's Engine. Mellom 1967 og 1971 vart han trommeslagar for Jethro Tull, og forlet TUll etter at dei hadde gjeve ut det mest populære albumet deira, Aqualung, for å gifte seg og bruke meir tid med den nye kona. Han vart erstatta Barriemore Barlow, ein skuleven av frontmann Ian Anderson.
Etter tida si i Jethro Tull har han spelt med Blodwyn Pig, Robin Trower, Jude, Aviator, Jeff Pain (aka Dicken, tidlegare det britiske bandet Mr Big), Manfred Mann, Jack Bruce, Gordon Giltrap, Anna Ryder, Uli Jon Roth, Electric Sun, Steve Hillage, Vikki Clayton, Solstice, Glenn Hughes og Jerry Donahue.
Det første soloalbumet til Bunker kom ut i 1998 og kom ut i Awakening.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Clive Bunker» frå , den 15. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Biografi på den offisielle nettsida til Jethro Tull
Kategori:Engelske trommeslagarar Kategori:Jethro Tull-medlemmar Kategori:Manfred Mann's Earth Band-medlemmmar Kategori:Folk frå Luton Kategori:Musikarar frå London