mini|Záppeion Mégaro mini|Fekting i Záppeion Mégaro under OL 1896 mini|Det indre atriet i Záppeion Mégaro Záppeion Mégaro (gresk Ζάππειον Μέγαρο) er ein bygning i Ethnikós Kípos midt i den greske hovudstaden Aten. Han vert nytta til møte og seremoniar, både offisielle og private. Bygget er teikna av den danske arkitekten Theophilus Hansen og opna 20. oktober 1888.

I 1869 gav det greske parlamentet 80 000 kvadratmeter med offentleg land mellom Slottsparken og Tempelet for den Olympiske Zeus. Záppeion Mégaro er det fyrste byggverket som vart bygd spesielt for OL i moderne tid. Etter nokre forseinkingar vart hjørnesteinen til bygningen lagt ned 20. januar 1874.

Sommar-OL 1896 Under sommar-OL 1896 vart bygningen nytta til fekteøvingane.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Zappeion» frå , den 14. september 2012.

Denne artikkelen bygger på «Arenaer under sommar-OL 1896» frå , den 14. september 2012.

Fotnotar

Kategori:Byggverk i Aten Kategori:Arenaer under sommar-OL 1896 Kategori:Olympiske fektearenaer Kategori:Skipingar i 1888