Tsjerkasy oblast (ukrainsk Черкаська область Tsjerkaska oblast ) er eit oblast (provins) i det sentrale Ukraina. Det er delt i to av Dnepr, og administrasjonsbyen er Tsjerkasy.
Geografi Tsjerkasy oblast er, med sine 20 000 km², og er det 18. største oblastet i Ukraina og dekkjer 3,5% av landet. Det grensar i nord til Kiev oblast, i aust til Poltava oblast, i sør til Kirovohrad oblast og i vest til Vinnytsia oblast. Mesteparten av oblastet ligg på vestsida av Dnepr. Austsida, som ligg lågare enn vestsida, var i tidlegare tider ofte utsett for flaum. Vasskraftutbygging på 1900-talet har fjerna det problemet.
Demografi Per 2022 hadde Tsjerkasy oblast 1 160 744 innbyggjarar. Under folketeljinga i 2001 budde 53,7% av folkesetnaden i byar og 46,3% på landsbygda. Ein overveldande majoritet er etnisk ukrainarar (93,6%), medan russarar utgjer 5,4%, hovudsakleg konsentrert i byen Tsjerkasy.
Historie Menneskeleg busetjing går langt tilbake i tid, ein har bl.a. funne restar etter Cucuteni-kulturen som eksisterte omtrent 5000–3000 fvt. Seinare vart området ein del av Skytia (750–250 f.Kr). Under Kievriket var det eit viktig grensestrøk og ein del av vassvegen mellom Skandinavia og Konstantinopel. Etter at mongolane hadde knust Kievriket, oppstod det eit maktvakuum som gav Litauen høve til å ekspandere. I 1648 gjorde kosakkane under hetmanen Bogdan Khmelnytskij opprør mot Polen-Litauen og underkasta seg i staden Russland. Etter Andrusovo-traktaten (1667) vart grensa mellom Russland og Polen-Litauen trekt langs elva Dnepr. Etter den andre delinga av Polen i 1793 vart òg vestbreidda innlema i Russland. Etter den russiske borgarkrigen vart området ein del av Sovjetrepublikken Ukraina. Som følgje av oppløysinga av Sovjetunionen vart Ukraina sjølvstendig i 1991.
Tsjerkasy oblast vart oppretta 7. januar 1954.
Politikk og administrasjon Tsjerkasy oblast består av 20 rajonar og 6 byar som ligg direkte under oblastet:
Rajonar Drabiv rajon Horodisjtsje rajon Kamjanka rajon Kaniv rajon Katerynopil rajon Khrystynivka rajon Korsun-Sjevtsjenkivskyj rajon Lisianka rajon Mankivka rajon Monastyrysjtsje rajon Sjpola rajon Smila rajon Talne rajon Tsjerkasy rajon Tsjornobaj rajon Tsjyhyryn rajon Uman rajon Zjasjkiv rajon Zolotonosja rajon Zvenihorodka rajon
Byar Kaniv Smila Tsjerkasy Uman Vatutine Zolotonosja
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Cherkasy Oblast» frå , og «Tsjerkasy oblast» frå den 7. september 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skipingar i 1954