Ivan Sergejevitsj Ukhov () er ein russisk høgdehoppar. Han vart olympisk meister i øvinga i 2012. Hans personlege rekord er på 2,40 m; 5 cm under verdsrekorden til Javier Sotomayor.
Karriere Ukhov konkurrerte tidlegare i diskoskasting, men bytta i 2005 til høgdehopp, og vart junior-europameister i Kaunas med eit hopp på 2,23 m. Gjennom 2005-sesongen forbetra han seg frå 2,10 m til 2,30 m. I 2006 oppnådde Ukhov ein personleg rekord på 2,33 meter. Han hoppa så 2,39 innandørs i Moskva den 28. januar 2007.
I 2009 vann han gull i innandørs-EM i friidrett Torino med eit hopp på 2,32 m. Elles i innandørssesongen 2009 hoppa han i Aten 25. februar 2,40 m, ny russisk rekord og årsbeste i verda. Den 25. juli 2009, under det russiske meisterskapen i Tsjeboksary, svinga han seg over 2,35 m og vart russisk meister med personleg utandørsrekord.
I 2010 sigra Ukhov i VM innandørs i Doha, gullmedaljen vann han etter eit hopp på 2,36 m. Ukhov deltok under EM i friidrett 2010 i Barcelona. Her hoppa han 2,31 m og tok sølvmedaljen, overgått av landsmannen Aleksandr Sjustov med to centimeter. Han var likevel den klart beste høgdehoppararn gjennom sesongen, noko han stadfesta med å vinne i fire av sju Diamond League-stemne.
I 2011 vann Ukhov gull under innandørs-EM i friidrett, då han vart den einaste som hoppa over 2,38 m. Under innandørs-VM i friidrett i Istanbul året etter greidde han bronsemedaljen.
Ivan Ukhov OL-debuterte under sommar-OL 2012 i London. Her vann han olympisk gull då han var den einaste som hoppa over 2,38 m. I 2019 mista han gullmedaljen ved ein dom i Den internasjonale skilsdomsretten for sport. I 2021 fekk Erik Kynard medaljen.
I 2014 fekk han bronsemedaljen under EM i Zürich.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2006 i Göteborg: Nr 12 – 2,20 m VM 2009 i Berlin: Nr 10 – 2,23 m EM 2010 i Barcelona: Sølvmedalje – 2,31 m, bakom Aleksandr Sjustov (2,33 m) VM 2011 i Daegu: Nr 5 – 2,32 m OL 2012 i London: Gullmedalje, seinare diska – 2,38 m, framom Erik Kynard (2,33 m) VM 2013 i Moskva: Nr 4 – 2,35 m EM 2014 i Zürich: Bronsemedalje – 2,30 m VM 2015 i Beijing: Utslått i kvalifseringa (2,26 m=nr 24)
Referansar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ivan Ukhov» frå , den 4. september 2012.
World Athletics
Kategori:Russiske høgdehopparar Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2006 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2011 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2013 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2014 Kategori:Dopingsaker i friidrett