Elvan Abeylegesse () er ein tyrkisk mellom- og langdistanseløpar. Ho er fødd i Etiopia, men flytte til Tyrkia og fekk tyrkisk statsborgarskap om lag ved tusenårsskiftet. Ho har tevla på distansane 1500 meter, 3000 meter, 5000 meter, 10 000 meter, to engelske mil og terrengløp.
Karriere
Ein av Abeylegesse sine største prestasjonar er då ho sette ny verdsrekord på 5000 meter under Bislett Games i Fana den 11. juni 2004. Rekorden vart på 14.24,68 og var nesten tre og eit halvt sekund betre enn den førre rekorden. For denne prestasjonen fekk ho Bislett-medaljen.Bt.no, 11.06.04: En av de store bergensdagene
Frå friidretts-EM har Abeyelegesse ein bronse på 5000 meter frå Göteborg i 2006, sølv på 5000 meter frå Barcelona i 2010 og gull på 10 000 meter under same EM. Hennar einaste VM-medalje er sølv på 10 000 meter frå VM i friidrett 2007 i Osaka, då Tirunesh Dibaba vann.
I OL-samanheng har Abeylegesse to sølv; på 5000 meter og 10 000 meter frå sommar-OL 2008 i Beijing. Begge gongene gjekk gullet til etiopiske Tirunesh Dibaba. Det er også Dibaba som har den gjeldande verdsrekorden i 5000 meter for kvinner. Abeylegesse har likevel framleis europarekorden på 10 000 meter, som ho sette under OL i Beijing.Det europeiske friidrettsforbundet: Europeiske rekordar i friidrett utandørs, kvinner
Kjelder
World Athletics
Denne artikkelen bygger på «Elvan Abeylegesse» frå , den 3. september 2012.
Fotnotar
Kategori:Tyrkiske langdistanseløparar Kategori:Etiopiske langdistanseløparar Kategori:Etiopiske mellomdistanseløparar Kategori:Mellomdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tyrkia Kategori:Tyrkiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Tyrkiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Vinnarar av Bislett-medaljen