Dofinivkaestuaret, Store Adzjalykestuaret eller Dofinisvkyj Liman (ukrainsk Дофінівський лиман, Великий Аджалицький лиман, russisk Дофиновский лиман, Большой Аджалыцкий лиман, tyrkisk Büyük Adcalik liman), er eit brakksvassområde sør i Ukraina, 12 km aust for Odessa. Området er eit estuar til den vesle steppeelva Store Adzjalyk, som renn ut i estuaret i nord. Estuaret er 8 km lang og kring 1 km breitt. Vatnet er særs grunt, 1,2 meter på det djupaste, men i snitt mindre enn 50 cm.
Ein sandbanke ligg mellom estuaret og Svartehavet, men ein kunstig kanal, kring ein meter brei, går ut til havet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dofinivka Estuary» frå , den 2. september 2012. oppgav desse kjeldene: Starushenko L.I., Bushuyev S.G. (2001) Prichernomorskiye limany Odeschiny i ih rybohoziaystvennoye znacheniye. Astroprint, Odessa, 151 pp. (på russisk) North-western Black Sea: biology and ecology, Eds.: Y.P. Zaitsev, B.G. Aleksandrov, G.G. Minicheva, Naukova Dumka, Kiev, 2006, 701 pp.
Sjå òg Berezanestuaret Tyligulestuaret Khadzjibeyestuaret Dnestrestuaret Sukhyjestuaret
Kategori:Estuar i Svartehavet Kategori:Bukter i Ukraina Kategori:Estuar i Ukraina