Mokgadi Caster Semenya () er ein sørafrikansk mellomdistanseløpar som spesialiserer seg på 800 meter og 1500 meter for kvinner. Caster Semenya er kjend for å ha blitt kjønnstesta av det internasjonale friidrettsforbundet i 2009, noko som førte til debatt rundt kjønnstesting innan idretten.

Karriere

Caster Semenya deltok i sitt fyrste VM i friidrett i 2009 i Berlin. Her vann ho gull på 800 meter med tida 1.55,45. Tidlegare same året hadde ho vorte afrikansk juniormeister på både 800 meter og 1500 meter og dei nye tidene hennar var markert raskare enn ho hadde sprunge tidlegare. Etter desse to sigrane valde det internasjonale friidrettsforbundet å gjennomføra ein kjønnstest på henne, noko som førte til sterke reaksjonar og ein ny debatt om kjønnstesting innan idretten. Caster Semenya fekk ikkje delta på tevlingar før resultata frå kjønnstesten var klåre, men i november 2009 vart det avgjort at ho fekk behalda premiane frå tevlingane i 2009.

For å verna om privatlivet hennar, vart ikkje resultata frå kjønnstesten til Caster Semenya offentleggjort. Men den 6. juli 2010 fekk Semenya igjen lov til å driva internasjonal toppidrett igjen. Under VM i friidrett 2011 i Daegu tok ho sølvmedaljen på 800 meter. Store Norske Leksikon om Caster Semenya Ho deltok også under sommar-OL 2012 i London, der ho var flaggberar for landet sitt. Her tok ho igjen sølvmedalje på 800 meter på tida 1:57,23. Både i Daegu og i London vart ho slått av russiske Marija Savinova. Bokmålswikipedia: VM i friidrett 2011 Engelsk wikipedia: Athletics at the 2012 Summer Olympics

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Caster Semenya» frå , den 2. september 2012. World Athletics Fotnotar

Kategori:Sørafrikanske mellomdistanseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Sør-Afrika Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Sørafrikanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Sørafrikanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016