Honaz er ein by og eit distrikt i provinsen Denizli i Egearregionen. Byen har kring 9 000 innbyggjarar (2010).
Honaz ligg om lag 20 km aust for byen Denizli ved fjellet Honaz. Fjellet er det høgaste i Egearregionen med ei høgd på 2517 meter over havet.
I antikken vart han kalla Kolossae og vart grunnlagd kring 500 fvt. av folk frå Frygia, før han gjekk til grekarane.
I dag er Honaz eit senter for dyrking av kirsebær og 80 % av avlingane frå Tyrkia vert eksportert frå dette distriktet. Det er òg ein årleg kirsebærfestival i byen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Honaz» frå , den 31. august 2012.
Kategori:Busetnader i provinsen Denizli Kategori:Byar i Tyrkia Kategori:Busetnader grunnlagde på 500-talet fvt.