Energidepartementet (ED), tidlegare Olje- og energidepartementet, er eit norsk departement som har som hovudoppgåve å legge rette for ein samordna og heilskapleg energipolitikk. Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvennleg forvalting av energiressursane.

Terje Aasland frå Arbeidarpartiet har vore statsråd for departementet sidan 7. mars 2022.

Historie Olje- og energidepartementet (OED) blei oppretta 1. januar 1997 med utgangspunkt i delen av det tidlegare Nærings- og energidepartementet som arbeidde med olje- og energispørsmål.Historikk om Olje- og energidepartementet Energidepartementet fekk det noverande namnet sitt 1. januar 2024.

Energisektoren hadde også sitt eige departement i perioden mellom 1978 og 1992. Olje- og energidepartementet vart 11. januar 1978 skild ut frå Departementet for industri og handverk, som samstundes endra namn til Industridepartementet.

Underliggjande etatar Noregs vassdrags- og energidirektorat Havindustritilsynet Sokkeldirektoratet

Tilknytte verksemder Equinor ASA Gassco AS Gassnova SF Petoro AS Statnett SF

Sjå òg Norske olje- og energiministrar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske departement