Demre er ein by og eit distrikt i provinsen Antalya ved kysten av Middelhavet i Tyrkia, kalla opp etter elva Demre.
Demre heitte i antikken Myra, og låg i Lykia. Myra var heimstaden til St. Nikolas, som er opphavet til Julenissen. Distriktet vart kalla Kale fram til det fekk nytt namn i 2005. Byen hadde ein stor gresk folkesetnad fram til 1920-åra då dei vart tvungen til å flytte til Hellas etter folkeutvekslinga mellom Hellas og Tyrkia. I dag står fleire greske hus tomme i Demre og områda kring. Regionen er i dag ein populær turiststad, særleg for kristne pilegrimar som vitjar grava til St. Nikolas.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Demre» frå , den 30. august 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Demre kommune Bilete frå Demre
Kategori:Byar i den greske antikken Kategori:Den tyrkiske rivieraen Kategori:Byar i Tyrkia Kategori:Busetnader i provinsen Antalya