Dainis Elmarovits Kūla () er ein latvisk, tidlegare friidrettsutøvar frå Tukums, som tevla i spydkast. Kūla, som representerte Sovjetunionen, vart olympiameister i øvinga i Moskva i 1980. Sin personlege rekord med den gamle spydtypen, 92,06 m, sette han få veker etter Moskva-olympiaden.
Aktiv Kūla hadde i forkant av OL 1980 kasta spydet over 90 meter, så han høyrde til det absolutte favorittsjiktet. I kvalifiseringa i Moskva kasta han 85,76 meter, det tredje lengste kastet. Etter andre omgang i finalen leia Wolfgang Hanisch med eit kast på 86,72 m, inntil Kūla tok over leiinga med eit kast på 88,88 m. I fjerde omgang la han på til 91,20, noko som heldt til gullmedalje framom landslagskameraten Aleksandr Makarov på sølvplass.
Under EM 1982 kom Kūla på fjerde plass. Året etter tok han bronse i VM i Helsingfors, to små centimeter bak sølvmedaljevinnaren Tom Petranoff frå USA. Sidan kom han ikkje på Sovjetunionen sine lag til dei store meisterskapane, før han i 1993 kunne delta for heimlandet Latvia.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1980 i Moskva: Gullmedalje – 91,20 m, framom Aleksandr Makarov (89,64 m) EM 1982 i Aten: Nr 4 – 87,84 m VM 1983 i Helsingfors: Bronsemedalje – 85,58 m,bakom Detlef Michel (89,48 m) og Tom Petranoff (85,60 m) VM 1993 i Stuttgart: Utslått i kvalifiseringa (73,18 m)
Bakgrunnsstoff World Athletics Sports-Reference
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dainis Kūla» frå , den 28. august 2012.
Kategori:Latviske spydkastarar Kategori:Sovjetiske spydkastarar Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske meistrar i spydkast Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1980 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980