Astruptunet er eit museum vigd kunstmålaren Nikolai Astrup. Det ligg på garden Astrup kjøpte i 1912 på sørsida av Jølstravatnet ved Sandal i Sunnfjord kommune. Astrup brukte garden som inspirasjon og atelier dei siste 14 åra av livet sitt, til han døydde i 1928.
Astruptunet vart konsolidert med Sogn og Fjordane Kunstmuseum i 2004. Dette igjen vart konsolidert med Kystmuseet, Sunnfjord Museum, Nordfjord Folkemuseum og De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum til museumseininga Musea i Sogn og Fjordane (MiSF) i 2009. Det er MiSf som driv formidlinga i tunet, medan Sunnfjord kommune er eigar.
Astruptunet vart restaurert over fire år og opna att i 2024. Kunstnarheimen og småbruket er halde likt slik det var då kunstnaren levde. Publikum kan oppleve skiftande utstillingar i galleriet, og vandre rundt på stiar og vegar og leite etter kjende Astrup-motiv. Museet tilbyr omvising, og har ein liten kafé og museumsbutikk.
I 2026 vart Astruptunet tildelt Europa Nostra Heritage Award for eit mangeårig arbeid med å restaurere hagen. Kommunen har planar om å bygge eit visningssenter nær tunet. Målet er å opne dette i 2028.
Galleri
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kunst og gjenstandar i Astrutpunet på Digitaltmuseum.no Astruptunet si gamle nettside Kulturnett Sogn og Fjordane - Astruptunet
Kategori:Sunnfjord kommune Kategori:Kunstnarheimar Kategori:Olavsrosa Kategori:Kulturminne i Sunnfjord Kategori:Museum i Vestland