Muğla er ein by i sørvest i Tyrkia. Han ligg i distriktet med same namn i provinsen Muğla, som strekkjer seg langs kysten av Egearhavet. Muğla ligg noko inn i landet, 660 meter over havet, kring 30 km frå kysten av Gökovabukta i sørvest. Nabodistrikt er Milas, Yatağan og Kavaklıdere i nord og nordvest og Ula og Köyceğiz.
Byen er omgjeve av høge fjell og har kring 60 000 innbyggjarar (2009), og vert ofte oversedd av turistar på grunn av dei meir kjende stadane nær kysten. Byen har eit universitet grunlagd i 1990-åra.
Klima Muğla har eit middelhavsklima med lange, varme og tørre somrar og kjølige og våte vintrar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Muğla» frå , den 26. august 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Muğla kommune
Kategori:Byar i Tyrkia Kategori:Stader i Tyrkia frå gresk antikk Kategori:Busetnader i provinsen Muğla Kategori:Busetnader grunnlagde på 100-talet fvt.